Maria Parr
Maria Parr. Av /NTB Scanpix. Begrenset gjenbruk

Maria Parr

Faktaboks

Maria Parr
Født
18. januar 1981, Fiskå i Vanylven, Møre og Romsdal
Bokomslag

Tonje Glimmerdal, Samlaget, 2009

Bokomslag
Av /Mats Linder.
Maria Parr, 15. august 2017
Maria Parr

Artikkelstart

Maria Parr er ein norsk barnebokforfattar. Parr har fått ei rekkje norske og utanlandske prisar for dei tre første bøkene sine, og ho er omsett til over tretti språk.

Bakgrunn

Parr er fødd og oppvaksen i Fiskå i VanylvenSunnmøre i Møre og Romsdal. Ho har ei mastergrad i nordisk frå Universitetet i Bergen, er utdanna lektor og har jobba deltid i vidaregåande skule. Sidan 2012 har ho vore forfattar på heiltid.

Forfattarskap

Dei tre første bøkene til Parr er plasserte i eit sunnmørsk fjordlandskap i oversiktlege, små samfunn. Hovudpersonane lever nært på vestlandsnaturen og bruker den aktivt i leiken sin. Barneperspektivet fargar forteljarstemma. Det er kvardagen som blir fortald, men med eit undrande, nysgjerrig blikk og gjennom eit energisk, leikent og nyskapande språk. Strukturen er som oftast episodisk, slik at kvart kapittel fortel si eiga vesle historie, samtidig som bøkene tematiserer vennskap og familierelasjonar i den gjennomgåande handlinga.

Parr har elles gitt ut historier, noveller og kåseri i ulike antologiar og tidsskrift. Ho er dessutan ein aktiv turnéforfattar og har sjølv lese inn dei tre første utgjevingane sine på lydbok.

Vaffelhjarte

Parr debuterte med barneboka Vaffelhjarte. Lena og eg i Knert-Mathilde i 2005, illustrert av Bo Gaustad. Den forsiktige niåringen Trille er forteljaren i denne boka, og han ønskjer intenst at den beintøffe Lena skal seie at ho er bestevennen hans. Dei to er dei einaste niåringane i kystbygda Knert-Mathilde, og venninna er ei oppkomme av morosame leikar og rampestrekar som ho dreg den beundrande naboguten med på. Etter kvart viser det seg at Trille er viktigare for Lena enn ho liker å innrømme.

Keeperen og havet

Keeperen og havet som kom i 2017, er ein frittståande oppfølgjar til Vaffelhjarte. Dei to vennene har vorte tolv år og endå ein gong blir vennskapen deira sett på prøve. I den første boka var det Lena som hadde utfordringar på heimebane, denne gongen er det Trille som interesserer seg for ei anna jente.

Tonje Glimmerdal

Tonje Glimmerdal, med illustrasjonar av Åshild Irgens, vart raskt ein bestseljar i 2009. Her er forteljarstemma allvitande, og teksten bevegar seg inn og ut av perspektivet til den tiårige Tonje. Til liks med Lena i Vaffelhjarte er ho ein villstyring, men Tonje har ingen andre barn å trekkje med seg i leiken. Glimmerdalen er berre folkesett av ein samansett forsamling vaksne og enkelte campinggjestar. Den gamle einstøingen Gunnvald er derfor Tonjes beste venn, og han legg til rette for alskens påfunn. Relasjonen deira blir testa når Gunnvalds hemmelege dotter dukkar opp og Tonje samtidig blir kjend med eit par bygutar. Konfliktane løyser seg ikkje av seg sjølv, men Tonje er sta og insisterer på at alle skal bli venner, og ho er vand til å få det som ho vil.

Storebror

Parr si førebels siste utgjeving, Storebror frå 2019, er del av Samlaget sin lettlestserie Leseland. Boka er meir reinskore og mindre sprudlande enn dei andre bøkene hennar, men barneperspektivet og relasjonstematikken er gjenkjenneleg.

Dramatisering og filmatisering

Vaffelhjarte vart spelt inn som TV-serie og sendt på NRK hausten 2011, med regi og manus av Atle Knudsen. I 2013 stod Ivar Tindberg for manus og regi på teateroppsetjinga av Tonje GlimmerdalDet Norske Teatret. Vaffelhjarte hadde teaterpremieren sin på Den Nationale Scene året etter. Då var det Jesper Halle som dramatiserte og Cecilie Askeland Mosli som hadde regi.

Utmerkingar

Det store gjennombrotet for Parr kom med Tonje Glimmerdal i 2009, men allereie med Vaffelhjarte i 2005 vann ho prisar. Boka gav henne først Nynorsk barnelitteraturpris i utgjevingsåret, og den nederlandske barnebokprisen Zilveren Griffel i 2008. I 2009 fekk ho Ole Vig-prisen for begge bokutgjevingar.

For Tonje Glimmerdal fekk ho dessutan Brageprisen, Kritikarprisen, Kulturdepartementets litteraturpris, Teskjekjerringprisen og Nynorsk barnelitteraturpris i 2009. Året etter vart utgivinga premiert med Guro Sandsdalens litteraturpris, Melsomprisen og Die Zeits pris for årets beste barnebok i Tyskland.

I 2017 fekk ho både Brageprisen og Nynorsk barnelitteraturpris for Keeperen og havet.

I tillegg har Parr motteke pengar frå Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts fond i 2006, Rasmus Løland-stipendet i 2010 og Sigmund Skard-stipendet i 2013. Ho vart kåra til Årets nynorskbrukar i 2010 og fekk både Kulturprisen frå heimplassen Vanylven og Diktartavla i 2011. I 2018 vart ho heidersmedlem i Samlaget og fekk Skolebibliotekarforeningens litteraturpris og Sultprisen.

Utgjevingar

  • Storebror (barnebok, Samlaget, 2019)
  • Keeperen og havet (barnebok, Samlaget, 2017)
  • Tonje Glimmerdal (barnebok, Samlaget, 2009)
  • Vaffelhjarte (barnebok, Samlaget, 2005)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg