Faktaboks

Også kjend som
Fiskåbygd
Innbyggjartal
487 (SSB, 2023)
Landareal
0,7 km²
Tettstadsnummer
6341 Fiskåbygd

Fiskå er ein tettstad i Vanylven kommune i Møre og Romsdal. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,7 km², og har 487 innbyggjarar (2023).

Fiskå er administrasjonssenter i Vanylven kommune.

Tettstaden ligg på nordsida av Syltefjorden der han munnar ut i Vanylvfjorden, aust for Stadlandet. Gjennom tettstaden går Fv. 61 mellom Bryggja i Nordfjord og Ålesund.

Skipsverftet Ulstein Verft AS, avdeling Vanylven. Fiskå jernverk låg her på 1700-talet.

På Fiskå kjem avisa Synste Møre ut.

Kart

Fiskå
Fiskå
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg