Margrethe er eit kvinnenamn som går tilbake til eit gresk namn som kjem av ordet margarites med tydinga ‘perle’. Dette ordet er opphavleg lånt frå persisk.

Namnet har fleire variantar: Magrete, Magrethe, Margareta, Margarete, Margaretha, Margarethe, Margret, Margreta, Margrete, Margreth, Margretha, Margrethe.

Kjende personar med namnet Margrethe

Eit utval personar med namnet Margrethe, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 2 676 kvinner i Noreg som hadde Margrethe som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 9 jenter som fekk namnet Margrethe.

Av dei som heitte Margrethe i perioden 1900–2017, var det 82 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Gro Margrethe. Dette inneber at 18 prosent hadde Margrethe som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Margrete og Margrethe slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Dei fleste namna med minst tre stavingar har utanlandsk opphav. I motsetning til namna på -a hadde nokre namn på -e ein topp tidleg på 1800-talet, til dømes Pernille, Malene, Helene og Johanne. Dette gjeld også Margrethe. Mens Margrete låg på omtrent same nivå utover på 1900-talet, hadde varianten Margrethe eit lite oppsving frå 1950-åra til det gjekk nedover att i 1980-åra. Sidan år 1900 har Margrethe vore brukt 2,4 gongar meir enn Margrete.

Utvikling i bruk av namnet Margrethe frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Margrethe frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg