Magrete er eit kvinnenamn som kjem av Margrete der den fyrste [r]-en har falle bort. Margrete går tilbake til eit gresk namn som kjem av ordet margarites med tydinga ‘perle’. Dette ordet er opphavleg lånt frå persisk.

Namnet har fleire variantar: Magrete, Magrethe, Margareta, Margarete, Margaretha, Margarethe, Margret, Margreta, Margrete, Margreth, Margretha, Margrethe.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 30 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Magrete som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Magrete i perioden 1900–2017, var det 77 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Gro Magrete. Dette inneber at 23 prosent hadde Magrete som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Magrete på 1800-talet.

Magrete var mest brukt i Rogaland og Hordaland.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Magrete på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Magrete var mest brukt i Rogaland og Hordaland. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Magrethe.)

Historisk bruk av namnet Magrete
Historisk bruk av namnet Magrete
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg