Lauritz er eit mannsnamn. Det er ein stavevariant av Laurits frå det latinske Laurentius som tyder ‘mann frå byen Laurentum’ (Italia).

Namnet har fleire variantar: Laurits, Lauritz.

Kjende personar med namnet Lauritz

Eit utval personar med namnet Lauritz, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 471 menn i Noreg som hadde Lauritz som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 24 gutar som fekk namnet Lauritz.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Laurits og Lauritz slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Desse namna, som er justerte former av Laurentius, skil seg ut frå dei fleste justerte namna ved at dei var på topp 1865–1874. Andre namn som på nordisk grunn har fått ei lydleg justering av eit innlånt namn, har oftast hatt to toppfasar, til dømes Lars (av Laurentius), Anders (av Andreas) og Mads (av Mathias). Desse namna var på topp tidleg på 1800-talet og på slutten av 1900-talet. Namneforma Laurits har for få belegg til å bli representert med eiga kurve.

Utvikling i bruk av namnet Lauritz frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Lauritz frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg