Kårstein Eidem Løvaas

Faktaboks

Kårstein Eidem Løvaas
Født
10. november 1967, New Orleans, USA
Kårstein Eidem Løvaas.

Kårstein Eidem Løvaas er tidlegare stortingsrepresentant for Høgre frå Vestfold i 2013–2021 og tidlegare programleiar og programsjef i P4.

Bakgrunn

Kårstein Eidem Løvaas er fødd i New Orleans i USA og voks opp i Sør-Odal i Hedmark (no Innlandet). Han var elev ved Øvrebyen videregående skole i Kongsvinger i 1983–1987, inkludert eitt år utveksling ved Rutherford High School i Florida i 1985–1986. Han tok befalskulen i Hæren i 1987–1989 og studerte sosialøkonomi ved forvaltningslinja ved Universitetet i Lund i Sverige i 1989–1993, men fullførte ikkje studiet.

Eidem Løvaas arbeidde deltid som salssjef ved marknadsavdelinga til Norges Blindeforbund i 1988–1997, var programleiar i Z-radio i Sverige i 1991–1994 og programleiar i P4 Radio Hele Norge i 1994–2013. Han var programsjef i P4 i 1998–1999 og arbeidde som informasjonsrådgivar i Vestfold fylkeskommune i 2004–2005.

Politisk karriere

Han var styremedlem i Kongsvinger Unge Høgre i 1984–1985 og styremedlem i Nøtterøy Høgre i 2005–2007. I perioden 2007–2011 var han medlem av kommunestyret i Nøtterøy og leiar av hovudutvalet for oppvekst og kultur. I 2013–2021 var han vald inn som stortingsrepresentant for Høgre frå Vestfold. På Stortinget var han medlem av familie- og kulturkomiteen i 2013–2017 og av næringskomiteen i 2017–2021, og var mediepolitisk talsmann for Høgre.

Andre verv

Eidem Løvaas var leiar av Forsvarsforeningens ungdom i Kongsvinger i 1984–1986 og leiar i Kongsvinger Riksmålsforening i 1985–1987. Han var òg president i ANSA då han studerte ved Universitetet i Lund.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg