Jostein Krokvik

Faktaboks

Jostein Krokvik
Født
4. januar 1927, Vanylven, Møre og Romsdal
Død
29. mars 2007

Artikkelstart

Jostein Krokvik var tannlege, forfattar og høgnorskmann. Han gav ut biografiar om Ivar Aasen, Henrik Krohn og Jan Prahl.

Bakgrunn

Jostein Krokvik var fødd i Vanylven i Møre og Romsdal. Han arbeidde i mange år som tannlege i Sogn og Fjordane (no Vestland) og Møre og Romsdal.

Forfattarskapen

I 1969 debuterte han med romanen Fangevaktaren. Seinare gav han ut over tjue skjønnlitterære bøker – romanar, noveller, dikt og barne- og ungdomsbøker. Siste boka var diktsamlinga Klokkevisaren, som kom i 2007. Forteljingane hans hentar emne både frå samtida og frå historia.

I 1985 gjekk Krokvik over til å skrive høgnorsk, ein konservativ variant av nynorsk, og han gav ut fleire språkpolitiske bøker: Kjettarord om norsk målalkymi (1985), Mål og vanmæle (1991) og Norskrøtt skriftmåls store fall (1995).

Han gav ut òg biografiar frå språkhistoria på 1800-talet: Ivar Aasen. Diktar og granskar, sosial frigjerar og nasjonal målreisar (1996), Ny Hungrvekja og Jan Prahl (1993) og Henrik Krohn. Vestmannalagsreisaren og målreisaren (2002).

Andre verv og engasjement

I 1981–1983 var han redaktør i Norsk Barneblad. I 1985–2000 redigerte han Vestmannen, bladet til Vestmannalaget. Han var æresmedlem i Vestmannalaget, Vestlandske Mållag og Norsk Måldyrkingslag. I 2003 fekk han Vanylven kommune sin kulturpris.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Jostein Krokvik: Henrik Krohn. Vestmannalagsreisaren og målreisaren. Bergen2002
  • Jostein Krokvik: Høgnorsk målreising. Fiskåbygd 1997
  • Jostein Krokvik: Ivar Aasen. Diktar og granskar, sosial frigjerar og nasjonal målreisar. Bergen 1996
  • Jostein Krokvik: Norskrøtt skriftmåls store fall. Bergen 1995
  • Jostein Krokvik: Ny Hungrvekja og Jan Prahl. Bergen 1993
  • Liv Randi Bjørlykke ofl. (red.): Springflod. Forfattarane i Møre og Romsdal. Larsnes 1994

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg