Johannes Andreas Barstad

Faktaboks

Født
7. april 1857
Død
7. januar 1931
Fødested
Volda
Dødssted
Volda

Johannes Andreas Barstad, fødd i Volda, norsk prest, salmediktar og redaktør. Han vart cand.theol. i 1883, og etter nokre år som lærar, kom han attende til heimbygda som kallskapellan i 1886. Han var konstituert sokneprest i Voss frå 1896, sokneprest i Volda frå 1900, frå 1905 samstundes prost i Søre Sunnmøre prosti. Han var sokneprest i Voss frå 1919 til 1928.

Barstad var mest kjend som forfattar, mellom anna av nynorske salmar. Både Nynorsk salmebok (1925) og Landstads reviderte salmebok (1924) hadde eit godt utval av salmar av Barstad, både eigne og omsette. I Norsk Salmebok (1985) er utvalet mindre, og i Norsk Salmebok (2013) er det funne rom for éin originalsalme, Stille, stille! Jesus lider, og to omsette. Den eine er Gud signe maten på vårt bord, der Bernt Støylen har skrive verset før maten og Barstad takkeverset. Den mest kjende av Barstads salmer, Eg ser deg Gud i kvar den blom som tirer, er ikkje komen med i Norsk Salmebok (2013).

Barstad gav ut mellom anna salmesamlingane Kvæde (1904) og Klokkeljod (1904), tre samlinger Kristelige barnesogor (1913-14) og barneboka Blakken og eg (1927). Han grunnla det kristelege bladet Stille stunder i 1889 og styrde det så lenge han levde. Her kom dei fleste av salmene hans først på prent.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg