Biskop Gunnar Stålsett døyper prinsesse Ingrid Alexandra som blir halden av kong Harald under dåpsseremonien i Slottskapellet 17. april 2004.
/NTB Scanpix.

Barnedåp er den vanlegaste forma for dåp i dei fleste kristne kyrkjer. Det motsette av barnedåp er vaksendåp eller trusdåp, jamfør baptisme.

Den teologiske argumentasjonen for barnedåpen slik han blir praktisert i Den norske kyrkja i dag, er at trua og syndeforlatinga som dåpen er eit teikn på, er ei gåve og ikkje noko menneska kan gjera seg fortente til. Eit baptistisk dåpssyn legg derimot vekt på dåpen som uttrykk for ei personleg trusovertyding og ei vedkjenningshandling.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg