Johan Frederik Schlegel, ekstraordinær professor i «Lovkyndigheden» (juss) ved Københavns Universitet frå 1789, frå 1800 ordinær professor fram til sin død. Schlegel var rektor ved universitetet i fleire periodar. Frå 1791 var han ekstraordinær assessor (dommar) i (den dansk-norske) høgsteretten. Som tjueåring hadde han både tatt filosofisk eksamen, den store filologiske eksamen og juridisk embetseksamen, alle med framifrå resultat, den siste med «offentlig Berømmelse». Schlegel føretok òg ei stor utlandsreise og studerte ved den tids leiande juridiske fakultet i Göttingen, deretter Dresden, Berlin og London.

Særleg interesse i norsk samanheng har at han stod for statsrettsundervisninga i København for dei juristane som seinare skulle ta del i Riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814. Denne var del av undervisninga i naturrett og Schlegels verk Naturrrettens eller den almindelige Retslæres Grundsætninger i to band kom i to utgåver (1798 og 1805). I verket drøfta Schlegel alle sentrale statsrettsspørsmål i tida. Til trass for at han arbeidde under eineveldet drøfta han mellomanna kven som hadde lov å gi grunnlover – berre folket var konklusjonen – og maktfordeling mellom lovgivande, utøvande og dømmande makt. Framstillinga var heilt på høgde med tidas juridiske tenking og tok opp trekk ved den amerikanske føderale forfatninga (forbundsforfatninga) frå 1787 og ulike franske revolusjonære forfatningar.

Schlegel skreiv med utgangspunkt i Immanuel Kants filosofi. Målet for staten var ikkje «Lyksalighed» for borgarane, men fridom. Dette var eit viktig skifte frå eldre statstenking. Dette fridomsmålet prega òg Eidsvollsgrunnlova. I tillegg framheva Schlegel sterkt kravet til likskap mellom borgarane. Fleire andre konkrete trekk ved grunnlova er òg heilt i tråd med Schlegels lære. Han sende òg eit halvt utkast til grunnlov til prins Christian Frederik. I tillegg til kjennskapen til statsrettstenkinga i samtida er fleire trekk frå Eidsvoll direkte påverka av hans arbeid, så som fleire av dei vedtatte grunnsetningane på Eidsvoll og føresegnene om ytringsfridom, næringsfridom og provisoriske anordningar.

Også resonnementet som blei avgjerande på stormannsmøtet på Eidsvoll 16.-17. februar 1814, om at suvereniteten var gitt tilbake til det norske folket (sjå folkesuverenitet) ved at Frederik 6. løyste det frå eiden til Kongen, var heilt i tråd med Schlegels framstilling.

Schlegel skreiv òg eit stort, men ufullført, statistisk verk Statistisk Beskrivelse af de fornemste europæiske Stater (1. del 1793, 2. del, 1. hefte 1796) på over 800 sider og fleire metodiske og rettshistoriske arbeid.

Ola Mestad (red.), Frihetens forskole. Professor Schlegel og eidsvollsmennenes læretid i København, Oslo 2013.

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om eller kommentarer til artikkelen?

Kommentaren din vil bli publisert under artikkelen, og fagansvarlig eller redaktør vil svare når de har mulighet.

Du må være logget inn for å kommentere.