Inga Marte Thorkildsen

Faktaboks

Inga Marte Thorkildsen
Født
2. juli 1976, Oslo

Artikkelstart

Inga Marte Thorkildsen er tidlegare nestleiar i Sosialistisk Venstreparti (SV), tidlegare byråd for oppvekst og kunnskap i Oslo i 2015–2021, og tidlegare barne–, likestillings– og inkluderingsminister i regjeringa Stoltenberg II.

Bakgrunn

Inga Marte Thorkildsen er fødd i Oslo. Ho tok examen artium ved Tønsberg gymnas i 1995 og cand.mag.-graden i 2000, med faga religionshistorie og statsvitskap. Thorkildsen arbeidde mellom anna som frilansjournalist, i vikarbyrå og i bompengeselskap i studietida.

Politisk karriere

Thorkildsen var fylkessekretær i Vestfold Sosialistisk Ungdom og Sosialistisk Venstreparti i 1994–1996. Ho var medlem av sentralstyret i Sosialistisk Ungdom i 1996–2000, kvinnepolitisk leiar i Sosialistisk Venstreparti i 2002–2003 og nestleiar i partiet i 2012–2015.

Ho var vald som stortingsrepresentant for Sosialistisk Venstreparti frå Vestfold frå 2001 til 2013. Thorkildsen var medlem av justiskomiteenStortinget i si fyrste stortingsperiode i 2001–2005. I perioden 2005–2009 var ho fyrst medlem helse– og omsorgskomiteen i 2005–2007, deretter medlem av energi– og miljøkomiteen i 2007–2009. I 2009 sat ho i finanskomiteen og i valkomiteen på Stortinget. Thorkildsen har vore finanspolitisk talskvinne og parlamentarisk nestleiar på Stortinget for Sosialistisk Venstreparti.

I perioden 2012–2013 var Thorkildsen statsråd i barne–, likestillings– og inkluderingsdepartementet i regjeringa Stoltenberg II. Ho tok over som statsråd etter partileiar Audun Lysbakken då han måtte trekke seg frå stillinga. Som statsråd hadde ho ansvar for politikken knytt til likestilling, oppvekstvilkår og forbrukarrettar. Ved stortingsvalet i 2013 mista Thorkildsen plassen på Stortinget.

Frå 2015 til 2021 var ho medlem av byrådet i Oslo, først som byråd for eldre, helse og sosiale tenester i 2015–2017, deretter som byråd for oppvekst og kunnskap i 2017–2021. Thorkildsen har særleg engasjert seg i saker om barn sine rettar, barnehagar, feminisme og kvinnemishandling, samt innvandring og fordeling av godar i samfunnet.

Anna engasjement, andre verv og utmerkingar

Thorkildsen var aktiv i SOS Rasisme og Natur og Ungdom i 1990–åra og var medlem av styret for Ny Tid i 1998–2000. I 2012 fekk ho Humleprisen (tildelt av Foreningen mot seksuelle overgrep, FMSO). Etter tida på Stortinget arbeidde ho ein periode for kompetansenettverket BarnsBeste og var spesialrådgjevar for den ideelle stiftinga Forandringsfabrikken 2014–2016. I 2015 gav ho ut boka Du ser det ikke før du tror det. Et kampskrift for barns rettigheter.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg