Henrik Asheim

Faktaboks

Henrik Asheim
Født
21. august 1983, Bærum
Henrik Asheim
Av /Høyre.
Lisens: CC BY NC 2.0

Artikkelstart

Henrik Asheim er ein norsk politikar frå Høgre som er stortingsrepresentant for Akershus sidan 2013 og første nestleiar i Høgre frå 2022. Han var forskings- og høgare utdanningsminister 2020–2021. Han har òg vore leiar i Unge Høgre 2008–2012 og leiar av finanskomiteenStortinget 2018–2020.

Bakgrunn

Henrik Asheim er fødd i Bærum i Akershus (no Viken). Han fullførte allmennfagleg studieretning på Valler videregående skole i 2002. I 2012–2013 tok han fag i kommunikasjon og leiing ved Handelshøyskolen BI.

Politisk karriere

Asheim var leiar av Bærum Unge Høgre i 2003–2004, ungdomssekretær i Akershus Unge Høgre i 2003–2004, politisk rådgivar same staden i 2004–2005 og leiar i Akershus Unge Høgre i 2005–2006. I 2006 vart han nestleiar i Unge Høgres landsforbund, og frå 2008 til 2012 var han leiar i Unge Høgre, etter at Torbjørn Røe Isaksen gjekk av. I perioden 2007–2011 var Asheim medlem av Bærum kommunestyre og Akershus fylkesting.

Han var vararepresentant til Stortinget frå 2009 til 2013 og frå 2013 er Asheim stortingsrepresentant for Akershus. Han var medlem av kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen 2013–2017, og i perioden 2017–2021 satt Asheim i finanskomiteen. Frå 2018 til 2020 var han leiar av komiteen, sidan dåverande leiar Nikolai Astrup vart utviklings- og bistandsminister.

Frå 15. september til 26. november 2017 var Asheim konstituert kunnskapsminister og vikar for statsråd Torbjørn Røe Isaksen, som hadde foreldrepermisjon. Asheim markerte seg då med å fremje forslag om minst 4 som karakter i matematikk for å verte sjukepleiar, og han engasjerte seg sterkt mot vald på enkelte skular i Oslo.

Framstegspartiet gjekk ut av regjeringa Solberg 24. januar 2020 kom Asheim tilbake i Kunnskapsdepartementet, som etterfølgjer for Venstres Iselin Nybø, som minister for forsking og høgare utdanning. Han var minister for forsking og høgare utdanning fram til regjeringsskiftet oktober 2021.

Henrik Asheim var som leiar av Unge Høgre aktiv i debatten om sidemålsundervising. Han arbeidde for at flest mogleg kommunar skulle søkje om forsøk med valfritt sidemål, og han ville at Bondevik 2-regjeringa skulle avskaffe sidemålsundervisninga og eksamen i sidemål. Det fekk han ikkje gjennomslag for.

Andre verv

Frå 2012 til 2016 var Asheim leiar for styret i foreininga Sex og samfunn.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg