Hanna Marcussen er ein norsk politikar for Miljøpartiet Dei Grøne (MDG). Ho var nasjonal talsperson for partiet frå 2008 til 2014, og i 2015–2023 var ho byråd for byutvikling i Oslo.
Hanna Marcussen
Faktaboks
Hanna Elise Marcussen
- Fødd
- 4. september 1977, Arendal, Agder
Bakgrunn
Hanna Elise Marcussen gjennomførte førstegongsteneste med befalskurs i Forsvaret i 2000–2001 og er utdanna arkeolog frå Universitetet i Oslo 2009, med ei masteroppgåve om germanarar og etnisitet.
Politisk karriere
Marcussen var sekretær for MDG i 2007–2009 og var med på å fornye partiet politisk og organisatorisk. Ho var vararepresentant for MDG i Oslo bystyre (2011–2015). Ho blei vald til nasjonal talsperson for partiet i 2008 saman med Harald A. Nissen (frå 2011), og ho var førstekandidat til Stortinget ved valet i 2013 for Rogaland MDG. Ho gjekk av som talskvinne i 2014 etter å ha sete dei maksimalt seks åra ein talsperson i partiet kan sitje. Frå 2015 til 2023 var ho byråd for byutvikling i Oslo; ho tok ikkje gjenval i 2023. Frå 2021 er ho vararepresentant for MDG frå Oslo på Stortinget.
Andre verv
Marcussen har hatt fleire tillitsverv, mellom anna har ho vore styremedlem i Elektronisk Forpost Norge (2009), Fred og demokrati i Afghanistan (2009–2010), Folkeaksjonen oljefritt Lofoten og Vesterålens lokallag i Oslo (2009–2010) og Digitalt Personvern (2011–).
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.