Gunnlaug

Artikkelstart

Gunnlaug er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Gunn-laug. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘strid’ og etterleddet ‘lovd til, vigd til’.

Gunnlaug er også eit mannsnamn (som i «Gunnlaug Ormstunges saga»), men mannsnamnet er svært lite brukt. Kvinnenamnet og mannsnamnet har same tyding.

Namnet har fleire variantar: Gunlaug, Gunnlaug.

Namnedag er 6. august. Gunnleiv har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Gunnlaug

Eit utval personar med namnet Gunnlaug, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 600 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Gunnlaug som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg