Artikkelstart
Gunnar Bjørn Skirbekk er ein norsk filosof, essayist og vitskapsteoretikar. I meir enn 50 år har han prega ordskiftet om språk, politikk, vitskap og rasjonalitet, og har spela ei viktig rolle i utforminga av det akademiske Noreg.
Under førsteavdeling i medisin ved Universitetet i Oslo gav han ut Nihilisme? Et ungt menneskes forsøk på å orientere seg (1958). Deretter studerte han filosofi i Paris og Tübingen, med magistergrad i Oslo i 1962.
Same året vart han hjelpelærar ved Filosofisk institutt ved Universitetet i Bergen, vart fast tilsett to år seinare og vart dr.philos. i 1970. I 1979 vart han professor i vitskapsfilosofi. Han arbeidde ved Universitetet i Bergen til han gjekk av i 2005. Han hadde fleire opphald ved universitet i San Diego, California. Han har òg vore aktiv i den jugoslaviske Praxis-gruppa, der mellom anna dei tyske filosofane Jürgen Habermas og Karl Otto Apel var med.
Skirbekk stod sentralt i opprettinga av Senter for vitskapsteori i Bergen og har skrive ei lærebok i filosofihistorie (saman med Nils Gilje, 1987) som i 2018 var gjeven ut på 18 språk. Filosofisk er han inspirert av Apels forsøk på å finne gyldige normer i språket og av Wittgensteins analysar av daglegspråket.
Gunnar Skirbekk vart i 2013 kåra til Årets nynorskbrukar.
Kommentarer (1)
skrev Gunnar Skirbekk
litteraturlista bør oppdaterast,
jf oppdatert publikasjonsliste på heimeside, under CV:
http://gunnarskirbekk.no/
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.