Faktaboks

Geir Atle Ersland
Fødd
3. januar 1957, Bergen

Geir Atle Ersland er historikar med mellomalderen som spesialfelt. Han har stilling som UNESCO-professor ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap ved Universitetet i Bergen.

Geir Atle Ersland er fødd i Bergen. Han vaks opp i Kvinnherad og på Stord og tok historie hovudfag ved Universitetet i Bergen i 1989. I hovudoppgåva gjorde Ersland eit forsøk på å rekonstruere grunneigefordelinga i Bergen ved utgangen av seinmellomalderen. Som stipendiat ved det same universitetet fekk han høve til å fordjupe seg i tematikken, og i doktorgradsavhandlinga frå 1994 samanlikna han utviklinga av grunnleige i Bergen med tilhøva i fleire andre nordeuropeiske byar.

Ersland var i 1997–1999 tilsett som seniorforskar ved Institutt for forsvarsstudier i Oslo, som ligg under Forsvarets høgskole, før han i 2002 fekk fast stilling ved Historisk institutt ved Universitetet i Bergen. I 2011 fekk han professorstilling, og i 2016 vart han utnemnd til det første UNESCO-professoratet i Noreg. Dette er ei ordning der UNESCO samarbeider med ulike universitet om forsking som inngår i eit større internasjonalt samarbeid.

Ersland har skrive ei rekkje bøker og artiklar, med særleg vekt på mellomalderen. Av dei viktigaste kan nemnast første bandet av Samlaget si noregshistorie (1999, saman med Hilde Sandvik), første bandet av Norsk forsvarshistorie (2008, saman med Terje H. Holm) og første bandet av Stavanger bys historie (2012, saman med Arne Solli). Han har også gitt ut ein roman, Den som tener sverdet (2004).

Utvalde publikasjonar

  • «The Notau harbour and the Kontor in Bergen», i AmS-skrifter 2019
  • «The History of Bryggen until 1900», i Monitoring, Mitigation, Management, 2015
  • Håkonshallen 750 Years. Royal Residence and National Monument, 2013, red. med Øystein Hellesøe Brekke
  • Fragment frå fortida, 2013, red. med Øystein Hellesøe Brekke
  • Bispeby og borgarby. Frå opphavet til 1815 (bind 1 i Stavanger bys historie), 2012, med Arne Solli
  • Byens konstruksjon. Varige spor i byens landskap, 2011
  • Neue Studien zum Archiv und zur Sprache der Hanseaten, 2008, red. med Marco Trebbi
  • Krigsmakt og kongemakt 900–1814 (bind 1 av Norsk forsvarshistorie), 2000, med Terje H. Holm
  • Norsk historie 1300–1625. Eit rike tek form (bind 2 av Samlagets serie Norsk historie), 1999, med Hilde Sandvik (fleire utgåver)
  • Forsvaret: fra leidang til totalforsvar, 1999, med Arnfinn Moland, Knut Einar Eriksen og Stein Bjørlo
  • Festskrift til Historisk institutts 40-års jubileum, 1997, red. med Edgar Hovland og Ståle Dyrvik
  • Power, Profit and Urban Land. Landownership in Medieval and Early Modern Northern European Towns, 1996, red. med Finn-Einar Eliassen
  • Kven eigde byen? Ei gransking av opphavet og utviklinga av grunnleige i Bergen og eit utval nordeuropeiske byar, doktorgradsavhandling 1994, revidert utgåve 2011
  • Eit forsøk på rekonstruksjon av grunneigefordelinga i Bergen ved utgangen av seinmellomalderen, hovudoppgåve, 1989

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg