Faktaboks

Fuzuli

Fozuli, Fuzûli, Fudhûli; egentlig Mehmed bin Süleyman, Mehmed bin Sulayman

Uttale

Fozo:li

Død
1556, Karbala
Levetidskommentar
Fødd på slutten av 1400-talet, ukjend dato.
Fuzuli
Fuzuli
Av /𝒲.

Fuzuli var ein tyrkisk diktar som levde i Mesopotamia på 1500-talet, mest kjent for sin azerbajdsjansk-tyrkiske versjon av versromansen Lajla og Madsjnun. Fuzuli er eit pseudonym som diktaren sjølv valde, og det tyder overmodig. Eigentleg heitte han Mehmed bin Sulayman.

Bakgrunn

Han var godt skolert, og dikta på azerbajdsjansk, persisk og arabisk. Han kjende også godt til den tyrkiske diktinga på osmansktyrkisk og tsjagataiisk.

Fuzuli var fødd av tyrkisk slekt i området. Han tilhøyrde tolvarretninga innan sjiaislam, den same som sjah Ismail 1 gjorde til statsreligion i Iran.

Forfattarskapen

Dopen og vinen

Som ung gjorde Fuzuli teneste ved Alis mausoleum i Najaf, som sjah Ismail restaurerte etter at han tok over makta i 1501. Det kan ha vore omtrent på denne tida at Fuzuli skreiv Beng u Bade, 'Dopen og vinen', som mange meiner samanliknar den osmanske sultanen Selim 1 med sjah Ismail, som på den tida låg i strid med kvarandre. Sjah Ismail er i så fall vinen og den som kjem best ut av samanlikninga, men diktet nemner ingen av herskarane direkte.

Hyllingsdikt

Fuzuli budde og arbeidde tidvis også i Bagdad og Karbala. Etter at området i 1534 fall inn under den osmanske trona, vart Fuzuli verande i landet. Han skreiv hyllingsdikt til guvernørane i Bagdad og sende dikt til sultan Süleyman den store. Ofte klagar Fuzuli over manglande merksemd og den elendige situasjonen for diktarar i samtida. Dette er blitt tolka som eit utslag av at han sjølv aldri vart patronisert, men heng også saman med det sterke historiske medvitet hans. Sjølv om han etter den osmanske maktovertakinga let vere med dei innleiande ovasjonane til Ali som fanst med i Beng u Bade, ber også diktinga hans frå tida under det osmanske sunnistyret preg av sjiittisk lære og mystikk.

Lajla og Madsjnuneit

Fuzuli er mest kjent for sin azerbajdsjansk-tyrkiske versjon av versromansen Lajla og Madsjnun, eit verk som er blitt tolka som ei forteljing om korleis mennesket (Madsjnun) vert dratt mot den guddommelege venleiken (Lajla). Diktverket byggjer på Nizami Ganjawis persiske versjon frå 1192, og Fuzulis azerbajdsjansk-tyrkiske versjon er blitt omsett til engelsk av Sofi Huri.

Diktargrava

I 1556 døydde Fuzuli i ein epidemi som ramma Karbala, der han då budde. I nærleiken av Husayn ibn Alis mausoleum i Karbala stod det fram til 1984 eit gravmæle over diktaren. Gravmælet vart då jamna med jorda i samband med utbygginga av ein motorveg, men Fuzulis kiste skal ha blitt teken vare på og overført til Husayns mausoleum.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg