Sebastian er eit mannsnamn som går tilbake til gresk Sebastianós med tydinga ‘mann frå byen Sebastia’.

Denne byen låg nær Svartehavet i det nåverande Tyrkia. Bynamnet kjem frå det greske adjektivet sebastos som tyder ‘ærverdig’.

Namnet har fleire variantar: Sebastian, Zebastian.

Namnedag er 20. januar. Bastian og Fabian har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Sebastian

Kulturell bruk

  • Sebastian er hovudperson i «Alkymisten» (1988) av Paulo Coelho.

Kjende personar med namnet Sebastian

Eit utval personar med namnet Sebastian, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 10 238 menn i Noreg som hadde Sebastian som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Sebastian var blant dei hundre mest brukte namnet blant norske menn. I 2022 var det 157 gutar som fekk namnet Sebastian, og det var blant dei 50 mest populære gutenamna dette året.

Utvikling i bruk av namnet

I tillegg til dei bibelske namna er det stort sett berre namn av gresk og latinsk opphav som har tre stavingar, til dømes Sebastian (som også kan uttalast med fire stavingar). Døme på andre namn av denne typen er Adrian, Fabian, Julian, Kristoffer, Leander, Marius, Nikolai og Teodor. Til liks med mange bibelske namn var desse klassiske namna mest brukte rundt år 2000.

Utvikling i bruk av namnet Sebastian frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Sebastian frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg