Christl Kvam

Faktaboks

Christl Kvam
Født
2. juli 1962, Øvre Årdal, Vestland
Christl Kvam.
Av /NTB.

Artikkelstart

Christl Kvam er sjukepleiar, siviløkonom, tidlegare leiar av Akademikarane og regiondirektør i NHO Innlandet. Ho blei utnemnd til fylkesmann i Oppland i 2015 og statssekretær for arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie i 2016.

Bakgrunn

Christl Kvam er fødd i Øvre Årdal i Årdal i Sogn og Fjordane (no Vestland). Ho tok vidaregåande skule i 1979–1982, sjukepleiarutdanning ved Ullevål sykepleierhøgskole i Oslo (no Høgskolen i Oslo og Akershus) i 1983–1986 og siviløkonomstudiet ved Norges Handelshøyskole i Bergen i 1987–1991. I 2001 tok ho dessutan styrekandidatprogrammet ved BI og sjefskurs ved Forsvarets høgskole i Oslo.

Karrieren

I 1986 arbeidde Kvam som sjukepleiar ved Kongsberg sjukehus, hadde deltidsstilling som sjukepleiar ved Bergen Røde Kors sykehjem i 1987–1991 og var konsulent i samferdselsseksjonen og seksjonsleiar i merkantil seksjon i Oppland fylkeskommune (no Innlandet) på Lillehammer i 1992–1997. Frå 1997 til 2000 var ho personalsjef ved Gudbrandsdalens Uldvarefabrik AS på Lillehammer og prosjektmeklar ved Lillehammer Kunnskapspark i 2000–2003. I perioden 2002–2008 var ho leiar i fagforeininga Akademikarane og i 2008–2015 regiondirektør for NHO i Hedmark/Oppland. I perioden 2015 til 2018 var ho utnemnd til fylkesmann (no statsforvaltar) i Oppland.

I perioden 2016 til 2019 fekk ho permisjon frå fylkesmannsembetet for å bli statssekretær for arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie. Assisterande fylkesmann Sigurd Tremoen vikarierte som fylkesmann medan ho hadde permisjon. Kvam vart deretter tilsett som kommunedirektør i Hamar i 2019.

Tillitsverv

Christl Kvam har hatt ei rekkje tillitsverv, mellom anna har ho vore styremedlem av DølaJazz i 1991–2001, nestleiar i Akademikarane i 1997–2002, styremedlem av Business Analyze i 2002–2007, nestleiar i styret i Olympiaparken AS i 2003–2009 og medlem av Litteraturfestivalens råd i 2006–2008. Ho var styreleiar i Lillehammer turist AS i 2005–2012, styremedlem i Gudbrandsdølen Dagningen i 2009–2013, medlem av styret og seinare styreleiar i Revmatismesykehuset i 2009–2015 og nestleiar i Nordisk institutt for studiar av innovasjon, forsking og utdanning (NIFU) frå 2014.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg