Faktaboks

Charlotte Smith

Charlotte Turner

Fødd
4. mai 1749, London, England
Død
28. oktober 1806, London, England
Charlotte Smith 1789

Portrett i femte utgåve av Elegiac Sonnets

Av .
Lisens: CC BY 2.0

Charlotte Smith var ein engelsk diktar og romanforfattar på siste halvdel av 1700-tallet. Ho er mest kjent for sine sørgesonetter (Elegiac Sonnets), men livnærte seg og familien ved å skrive romanar og barnebøker.

Vanskeleg liv

Livet til Charlotte Turner blei langt frå enkelt, sjølv om ho vaks opp i ein heller velståande heim, fekk nokre år på barneskular, og hadde farens støtte til å skrive dikt. At ho mista mora då ho var seks, var berre starten på prøvingane. Det verste var nok at faren i pengeknipe gifta henne vekk som femtenåring til ein ryggeslaus mann, Benjamin Smith. Dette omtalte ho seinare nokså skarpt som «lovleg prostitusjon». Likevel heldt ho ut i 22 år og fødde tolv born mellom 1766 og 1785, men måtte oppleve at seks av dei døydde før henne sjølv.

I årevis berga ho mannen gjennom økonomiske kniper, budde saman med han i gjeldsfengsel og rømte til Frankrike med han når kreditorane blei for mange. Men til slutt forlet ho han og forklarte at grunnen var at han var ustadig og valdeleg. Ho skriv sjølvbiografisk om dette tilhøvet i romanen Emmeline, der Mr. og Mrs. Stafford er eit portrett av ekteparet Smith.

Siste tjue åra flytta ho mykje rundt i England, men endte i London, lutfattig og sjuk av revmatisme, og då ho døydde som 57-åring i 1806, var den store populariteten hennar over.

Sentimentale og radikale romanar

Charlotte Smith i seinare utgåve frå 1827

Charlotte Smith skreiv for å tene så mykje pengar som mogleg til kreditorar, rettsvesen og til alle borna. Diktskriving var ikkje like innbringande som populære romanar, så då blei det det siste. Men ho tenkte heile tida på seg sjølv som poet som måtte gjere andre ting. Ho omsette også nokre romanar frå fransk, men det var i bestseljande romanar dei store inntektene låg.

Dei tidlege romanane hennar var typisk sentimentale, det vil seie at dei handla om følsame, gode og vakre personar som går gjennom mykje dramatikk og motstand før dei får si belønning i kjærleik, rikdom og status. Dei sentimentale hovudpersonane kan også vere menn, som The Man of Feeling av Henry Mackenzie (1771). Men dei var ofte kvinner, og desse bøkene var gjerne skrevne og lesne av kvinner.

Smith lukkast med strategiane sine, sidan den første romanen Emmeline (1788), som kom ut året etter at ho forlet mannen, straks blei ein suksess. Han blei trykt i 1500 eksemplar berre dei første månadane, og dermed skreiv ho om lag ei bok i året i lange tider etter det.

Men då ho seinare ope støtta revolusjonane i Frankrike og Amerika i Desmond, The Old Manor House og The Young Philosopher, blei ho for radikal for nokre av dei som hadde likt henne før, medan seinare lesarar kanskje har sett meir pris på desse bøkene.

Walter Scott føretrakk i allefall The Old Manor House, og Anna Laetitia Barbauld tok denne romanen med i den store serien The British Novelists (1810).

Jane Austen parodierte

Tittelbladet til den første romanen Emmeline i 1788

Jane Austen las Smith og skreiv eit satirisk motstykke til Emmeline i Northanger Abbey (1817). Då var Smiths namn og bøker så kjende at Austen kunne omtale henne utan å nemne namn. Ho berre kommenterer at nokre kvinnelege forfattar sviktar sitt eige kjønn og sin eigen sjanger når dei ikkje tillet dei sentimentale heltinnene sine å lese romanar. Dei bøyer seg for den mannlege overmakta som har diktert at fiksjon er skadeleg for kvinnesjela. Og kanskje kjende Smith seg pressa til å innordne seg for å bli akseptert og lest.

Kampen mot rettsvesen og lovverk

Charlotte Smith 1792
Portrett i pastell
Av .
Lisens: CC BY 2.0

Charlotte Smith og borna måtte kjempe mot rettsystemet for å få ut arven etter den velståande bestefaren. Han hadde sett inn barneborna som arvingar i staden for sin eigen upålitelige son, men ikkje laga testamentet heilt rett. Dermed stod saka uløyst i 36 år utan resultat, og dommen kom først etter hennar død. Det er nett ein slik uendeleg rettsprosess Charles Dickens skriv om i romanen Bleak House, som kan ha vore inspirert av Charlotte Smith sine erfaringar.

Men i tillegg brukte Charlotte Smith romanane sine for å vise utnyttinga av kvinner i ekteskapet, og det urettferdige lovverket som ikkje sikra kvinner sjølvråde- og eigedomsrett.

Tittelblada viser at ho brukte sitt eige namn på bøkene, noko som var dristig for ei kvinne, særleg for romanar. Men ho stolte vel på at den første diktboka hadde gjort henne kjent og respektert nok til at publikum ville ta imot forfattarskapen hennar.

Tidleg-romantiske dikt

Tittelblad til 1827-utgåve
Av .
Lisens: CC BY 2.0

I dag er Charlotte Smith rekna som ein av forløparane til den såkalla romantiske perioden frå århundreskiftet. Ein annan av før-romantikarane, William Cowper, var mellom støttespelarane. Som ein viktig forfattar i si samtid, kjende ho til dømes Samuel Taylor Coleridge og Robert Southey, som omtalte henne med stor respekt. Ho inspirerte seinare romantiske diktarar som John Keats og William Wordsworth, og sistnemnde berømma den store naturkjensla hennar. Seinare skreiv han at den litterære verda hadde større gjeld til henne enn det som er ofte er anerkjent.

Smith fornya den gamle sonette-sjangeren og skreiv dikt om naturopplevingar, vandringar i landskap, vakre utsyn, og gripande kjensler – nett slike ting som diktarane i den komande romantiske perioden ville kome til å vektlegge.

Bøker for vaksne

  • Elegiac Sonnets (1784)
  • Emmeline: or The Orphan of the Castle (1788)
  • Ethelinde: or The Recluse of the Lake (1789)
  • Celestina (1791)
  • Desmond (1792)
  • The Emigrants (dikt) (1793)
  • The Old Manor House (1793)
  • The Wanderings of Warwick (1794)
  • The Banished Man (1794)
  • Montalbert (1795)
  • Marchmont (1796)
  • The Young Philosopher (1798)
  • Written on a Port on a Dark Evening (dikt, 1800)
  • Beachy Head and Other Poems (1807)

Bøker for barn

  • Rural Walks (1795)
  • Rambles Farther (1796)
  • Minor Morals (1798)
  • Letters of a Solitary Wanderer (1801–1802)
  • Conversations Introducing Poetry (1804)

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Curran, Stuart (red), The Works of Charlotte Smith, 14 bind, Routledge, 2005.
  • Blank, Antje, 'Charlotte Smith', i Janet Todd et al, The Literary Encyclopedia, bind 1, 2003.
  • DeWees, Shelley, 'Charlotte Smith', i Not Just Jane: Rediscovering Seven Amazing Women Writers Who Transformed British Literature, Harper Perennial, 2016.
  • Labbe, Jaqueline, Charlotte Smith: Romanticism, Poetry and the Culture of Gender, Manchester University Press, 2003.
  • Labbe, Jaqueline (red), Charlotte Smith in British Romanticism. The Enlightenment World, 5, Routledge, 2008.
  • Sørbø, Marie Nedregotten, 'Merknad', i Jane Austen, Northanger Abbey, Skald forlag, 2022, s. 323.
  • Zimmermann, Sarah M., Smith [nee Turner], Charlotte, Oxford University Press, 2007.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg