Mr Micawber
Av .
David Copperfield plakat 1935

David Copperfield er ein roman (1849–1850) av Charles Dickens, og blir ofte lest som ein maskert, delvis sjølvbiografi.

Faktaboks

Uttale
'deivid 'kåpəfi:ld
Forfattar
1696

Handling

I boka fortel David Copperfield sjølv om barndommen og oppveksten sin med ein tyrannisk stefar (Mr Murdstone), på dårlege skular, i fabrikkarbeid, men også hos den godhjerta tanta Betsy Trotwood. Seinare fortel han om vaksenlivet og tilhøvet til den vakre Dora Spenlow og den kloke Agnes Wickfield.

Boka har ei velkjend opningssetning: «Om eg kjem til å bli hovudperson i eige liv, eller om den plassen blir fylt av ein annan, vil dei fylgjande sidene kome til å vise». Her leikar Dickens seg med forteljar- og helterolla samstundes som han viser til mangelen på kontroll i eit kvart menneskeliv.

Romanen David Copperfield har ei mangfaldig handling, med eit par sideplott i tillegg til hovudplottet. Ikkje minst har boka eit rikt persongalleri og til dels burleskt karikerte personer. Nokre av Dickens sine mest berømte karakterar er frå denne romanen, slik som erkeoptimisten Mr Micawber som alltid stoler på at noko vil dukke opp, og den ekle hyklaren Uriah Heep, som bukkar og skraper og gnir seg i hendene.

Filmatisering

Romanen er filmatisert omlag tjue gonger, og ein tidleg klassikar er George Cukors versjon (1935). Men der var også ein 1922-versjon, og fleire tidlege stumfilmar (1911, 1913). Seinare kom til dømes ein film frå 1969 regissert av Delbert Mann og ein fjernsynsfilm frå 2000 regissert av Peter Medak. For born er der fleire animerte versjonar (1983, 1993).

Dickens sine bøker kombinerer alltid ei djupt menneskeleg medkjensle med ein frodig og utleverande humor. Dette kjem godt til uttrykk i ein kinofilm fra 2020 regissert av Armando Ianucci og med skript av Simon Blackwell. Her spelar Dev Patel i hovudrolla, og mellom andre Hugh Laurie (Mr Dick) og Tilda Swinton (Betsy Trotwood) i andre roller.

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg