Oliver Twist
Berømt scene frå romanen: Oliver ber om meir mat.
Av .

Oliver Twist er ein roman av Charles Dickens om ein fattig gut som fell i hendene på ein forbrytarbande i underverda i London. Boka er berømt for miljøskildringa og angrepa på sosiale ulikskapar. Med denne og seinare romanar bidrog Dickens til å påskunda reformer som førte til lovregulerte arbeidsforhold i industrien.

Faktaboks

Uttale
ˈålivə twist

Romanen blei filmatisert fleire gonger i stumfilmtida, og også i 1933. I 1948 kom David Leans berømte versjon med John Howard Davies i tittelrolla og Alec Guinness som Fagin. Boka danna også på 1960-talet utgangspunkt for musikalen Oliver!.

I nyare tid er det laga fleire anerkjende versjonar, som Clive Donner og James Goldmans TV-film frå 1982 og Roman Polanski og Ronald Harwoods kinofilm frå 2005. Ein miniserie for TV frå 1999 (Renny Rye og Alan Bleasdale) fekk ein oppfølgjar i 2007 med Coky Giedroyc og Sarah Phelps' versjon, der Sophie Okonedo spelte ei svart Nancy.

Oliver Twist er ein av dei mest populære av Dickens figurar, og det er også laga mange teiknefilmversjonar for barn.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg