Anette Trettebergstuen er ein norsk politikar og stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet for Hedmark sidan 2005. Ho er sidan 2021 kultur- og likestillingsminister i regjeringa Støre.
Anette Trettebergstuen
Faktaboks
- Født
- 25. mai 1981, Hamar, Innlandet

Bakgrunn
Anette Trettebergstuen er fødd på Hamar i Hedmark (no Innlandet). Ho tok vidaregåande skule ved Hamar katedralskole i 1997–2000, grunnfag i statsvitskap ved Universitetet i Oslo i 2000–2001, studerte offentleg styring ved Høgskolen i Oslo (no Høgskolen i Oslo og Akershus) i 2002–2003 og tok til på med ein mastergrad i rettsvitskap ved Universitet i Oslo (2014–2017).
Politisk karriere
Trettebergstuen melde seg inn i AUF som 13-åring. Ho har arbeidd som prosjektmedarbeidar i Europeisk Ungdom i 2000–2002, og var fylkessekretær i Hedmark AUF i 2002. I 2002–2004 var Trettebergstuen leiar i Hedmark AUF og i 2004–2006 sentralstyremedlem i AUF.
Trettebergstuen var kommunestyrerepresentant for Arbeidarpartiet (Ap) i bystyret i Hamar i 1999–2005 og medlem av formannskapet i 2003–2005. Ho var politisk rådgivar for stortingsgruppa til Ap i 2003–2005, før ho blei vald til stortingsrepresentant for Ap frå Hedmark i 2005. Frå 2004 var ho nestleiar i Hedmark Ap og frå 2009 medlem av sentralstyret i Arbeidarpartiet.
På Stortinget var Trettebergstuen medlem av utanrikskomiteen i den første perioden sin, andre nestleiar i arbeids- og sosialkomiteen i 2009–2013 og medlem i same komité i 2013–2015. Ho var andre nestleiar i familie- og kulturkomiteen i 2015–2017 og i 2017-2021. Trettebergstuen tiltredde som kultur- og likestillingsminister i regjeringa Støre i 2021. Politisk har ho særleg arbeid for likestilling i arbeidslivet, for kultur og for europeisk samarbeid.
Andre verv
Trettebergstuen har hatt fleire administrative verv og tillitsverv. Ho var leiar av Hedmark Europeisk Ungdom i 1998–2000, medlem av sentralstyret til Europeisk Ungdom i 2000–2001 og politisk nestleiar i organisasjonen i 2001–2002. Ho sat i styret for Europabevegelsen i 2007–2009, og frå 2015 er ho medlem av styret for Hamar Energi Holding.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.