Faktaboks

Alice Weidel

Alice Elisabeth Weidel

Fødd
6. februar 1979, Gütersloh, Nordrhein-Westfalen, Tyskland
Alice Weidel
Alice Weidel
Av /NTB Scanpix.

Alice Weidel er ein tysk, høgrepopulistisk politikar for partiet Alternative für Deutschland (AfD).

Bakgrunn

Weidel voks opp i småbyen Harsewinkel i delstaten Nordrhein-Westfalen. Ho studerte økonomi ved Universitetet i Bayreuth. Ho har arbeidd som analytikar for investeringsbanken Goldman Sachs i Frankfurt og har ein doktorgrad i økonomi frå Universitetet i Bayreuth. Emnet for doktoravhandlinga var pensjonssystemet i Kina. Sidan har ho arbeidd som finansrådgjevar. Ho var også med på å starte opp matleveringsfirmaet Foodora.

Ho er busett i Sveits og lever i partnerskap med ein kvinneleg sveitsisk filmregissør med familiebakgrunn frå Sri Lanka. Paret har to barn.

Partiarbeid

Ho melde seg inn i AfD i 2013 og vart aktiv i politikken på deltstatsnivå i Baden-Württemberg. På landsmøtet i 2017 vart ho vald som partiets toppkandidat ved forbundsdagsvalet same haust, saman med partiets viseformann Alexander Gauland.

Standpunkt

Weidel tek til orde for å avskaffe kontantar og for å kaste Spania og Portugal ut av eurosona. Ho ønskjer også at Tyskland skal gå ut av eurosamarbeidet og ha ein eigen valuta som følgjer gullstandarden. Ho er også for å fjerne skattarv og er imot minstelønn i arbeidslivet. Ho ønskjer forbod mot burka og nikab og har også sagt at ho heller ikkje vil ha bruk av hijab på offentlege stader.

AfD som parti er for det dei kaller ein «tradisjonell familiestruktur», Weidel seier at ho ser partiet som ein garantist for homofiles rettar.

Weidel vart lenge rekna å høyre til i den eurokritiske, men moderate fløyen i partiet. Rett før forbundsdagsvalet i 2017 publiserte den tyske avisa Welt am Sonntag e-poster frå Weidel der ho omtaler romfolk og arabarar som «kulturframande folk» som «flaumar inn over oss». Weidel hevda først at e-postene var falske. Sidan innrømte ho at ho hadde skrive det, og nekta for at ho hadde benekta det.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg