Alexander Gauland, tysk, høgrepopulistisk politikar, jurist og forfattar. Nestleiar i partiet Alternative für Deutschland (AfD) og medlem av Forbundsdagen sidan valet i 2017.

Gauland voks opp i ein borgarleg familie i Chemnitz i delstaten Sachsen. I 1959 rømte han frå DDR og slo seg ned i Vest-Tyskland. I studietida vart han aktiv i ei kristen-konservativ studentforeining. I 1973 melde han seg inn i CDU.  

Han har doktorgrad i juss og er spesialist på folkerett. Gauland er også forfattar av fleire vitskaplege artiklar og ei rad bøker om historiske og politiske tema. Han har dessutan skrive regelmessig for fleire store tyske aviser. 

Alexander Gauland har arbeidd for CDU i delstatsregjeringa i Hessen og for CDU i forbundsdagen. I 2013 var han med på å grunnlegge det Euro-kritiske Wahlalternative 2013, som seinare vart til AfD. 

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om eller kommentarer til artikkelen?

Kommentaren din vil bli publisert under artikkelen, og fagansvarlig eller redaktør vil svare når de har mulighet.

Du må være logget inn for å kommentere.