Alternative für Deutschland, tysk høgrepopulistisk parti, stifta i 2013. Partiet starta som eit eurokritisk parti og utvikla seg etter ei partisplitting i 2015 til å bli den fremste kritikaren av kanslar Angela Merkels flyktningpolitikk. 

Partistiftinga vart initiert av økonomiprofessor Bernd Lucke og skribenten Konrad Adam. Bakgrunnen var misnøye med Kansler Angela Merkels politikk for handtering av den økonomiske krisa i eurosonen. Merkels politiske kurs var karakterisert av et sterkt ønske om å sikre og styrke euroen som felles valuta. Lucke og Adam var kritiske til euroen og til ei kvar form for finansiell hjelp til det kriseråka Hellas. Partinamnet Alternative für Deutschland viser til at Merkels politiske kurs var omgitt av politisk konsensus i ein slik grad at den svært ofte vart framstilt som en politikk det ikkje fanst alternativ til. 

Etter ein intern maktkamp overtok partiets nasjonal-konservative fløy makta i partiet i juli 2015. Frauke Petry og Jörg Meuthen vart vald til partiets talspersonar. Petry og Meuthens fremste politiske saker var problematikk knytt til innvandring, integrering, islam og flyktningar. Grunnleggjaren Lucke distanserte seg raskt frå partiet og samanlikna dei med den islamkritiske rørsla Pegida. Lucke grunnla sidan partiet Allianz für Fortschritt und Aufbruch som arbeider for Alternative für Deutschlands opprinnelege politiske målsetnader. 

Etter Angela Merkels liberale vending i flyktningpolitikken hausten 2015, markerte Alternative für Deutschland seg raskt som Merkels hardaste kritikarar. Det som gav partiet auka oppslutnad på meiningsmålingane. I januar 2016 var partiet Tysklands tredje største på fleire målingar.  

Posisjonar

Partiet kom ikkje over sperregrensa på fem prosent ved forbundsdagsvalet hausten 2013. Ved valet til Europaparlamentet året etter fekk partiet 7,1 prosent og sju mandatar. Same haust fekk partiet inn representantar i delstatsforsamlingane i Sachsen, Brandenburg og Thüringen. I dag har partiet også representantar i delstatsforsamlingane i Bremen og Hamburg

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om artikkelen? Skriv her, så får du svar fra fagansvarlig eller redaktør.

Du må være logget inn for å kommentere.