Х (majuskel), х (minuskel) er ein bokstav i det kyrilliske alfabetet.

Faktaboks

Også kjend som

kha, ha, xa

gamalkyrillisk namn: хѣръ (xěrŭ, khěrŭ)

Dei kursive formene er Х, х.

Х, х er grafisk identisk med den latinske bokstaven X, x, men med den same lydverdien [x] som gresk Χ (khi), som han stammar ifrå.

Х, х vert transkribert som kh, h, x og ch i språk skrivne med det latinske alfabetet:

Døme: Харків ‘Kharkiv, Херсон ‘Kherson’ (byar i Ukraina), Рахманинов ‘Rakhmaninov’ (Sergej A. Rakhmaninov, russisk komponist).

Rekkjefylgda i ulike kyrilliske alfabet:

språk rekkjefylgd
belarusisk 24.
bulgarsk 22.
makedonsk 27.
russisk 23.
serbisk 26.
ukrainsk 26.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg