Bokstaven khi i det greske alfabetet i ulike skrifttypar
Bokstaven khi i det greske alfabetet i ulike skrifttypar

Khi eller chi, er den 22. bokstaven i det greske alfabetet (X, χ). Han vert transkribert i norsk med kh.

Faktaboks

Også kjend som

chi

Khi vart i klassisk gresk uttalt som ein aspirert k-lyd (postaspirert ustemd velar plosiv []), men har i moderne gresk (nygresk) utvikla seg til ein lyd som austnorsk kj (ustemd palatal frikativ, IPA-lydskrift: [ç]) eller tysk ch i ordet ach (ustemd velar frikativ, IPA-lydskrift: [x]), avhengig av den etterfylgjande vokalen.

Khi har verdien 600 i det greske talsystemet.

Khi i nokre vitskapsgreiner

Statistikk: χ2-fordelinga (eller khikvadratfordelinga) er ei statistisk fordeling.

Religion: i kristen symbolikk er khi-rho (☧, ein kombinasjon av dei greske bokstavane X khi og P rho) eit vanleg kristusmonogram, det vil seia ein avstytt skrivemåte for namnet Kristus eller Jesus Kristus.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg