Marsjen mot Roma

I oktober 1922 arrangerte fascistene marsjen mot Roma, der mellom 25 000 og 30 000 svartskjorter deltok. Bildet er tatt da fascistene ankom Roma 28. oktober 1922.

Av .
Mussolini under marsjen mot Roma
Mussolini (i midten) under marsjen mot Roma sammen med støttespillere fra «kvadrumviratet»: Emilio de Bono (nummer to fra venstre), Italo Balbo (nummer to fra høyre) og Cesare Maria De Vecchi (ytterst til høyre).

Svartskjorter var medlemmar av den militært organiserte italienske fascistmilitsen før og under det fascistiske regimet i Italia (1922–1943). Svartskjortene var sentrale i den fascistiske maktovertakinga i Italia gjennom deltakinga i marsjen mot Roma i oktober 1922, som brakte Benito Mussolini til makta. Etter fascistanes maktovertaking vart svartskjortene ein del av dei offentlige styresmaktene i Italia.

Faktaboks

Også kjend som

skvadristar, skvadrister

italiensk camicie nere, squadristi

Namnet svartskjorter skriv seg fra dei svarte uniformane som desse gruppene brukte for å framstå som ei eining. I utvida tyding har omgrepet svartskjorter blitt brukt som namn på fascistar generelt.

Opphav

Svartskjortene er tett knytt til omgrepet squadrismo, som var ei organisering av og aktivitet i regi av små grupper av ikkje-regulære væpna menn (aksjonist-skvadronar) som drog rundt for å skremme og undertrykke politiske motstandarar. Særleg var gruppene aktive i Italia mellom 1918 og 1922, og det er estimert at 986 menneske døydde som eit resultat av politisk vald i Italia mellom november 1918 og juni 1921.

Aktivitetar og medlemer

Aktivitetane til svartskjortene var prega av væpna vald særleg retta mot ulike sider av arbeidarrørsla, deira tillitsvalte og organisasjonane deira. Grunngjevinga for denne politiske valden var særleg at offentlege styresmakter svikta si oppgåve med å oppretthalde ro og orden, så då måtte svartskjortene gjøre det.

Gjengane av svartskjorter var spreidde over heile landet og arbeidde dels uavhengig av kvarandre organisatorisk og politisk. Svartskjortene heldt hovudsakleg til i italienske byar, men opererte derifrå også i jordbruksdistrikt, forutan overfor sosialistiske fagforeinings-, foreinings- og partikontor, redaksjonslokaler og trykkeri, i tillegg til kooperative organisasjoner.

Eit døme på eit medlem av svartskjortene er Italo Balbo (1896–1940) som var såkalla ras (leiar) for svartskjortene i Ferrara i Emilia Romagna, eitt av kjerneområda deira, og Benito Mussolinis heimfylke.

Ideologi og oppslutning

Politisk var svartskjortene anti-sosialistiske, og anti-kommunistiske (etter stiftelsen av det italienske kommunistpartiet i Livorno i 1921), og appellerte såleis mest til borgarlege, nasjonalistiske krefter så som jordeigarar, industrialistar og middelklassen i byane.

Også tidlegare krigsveteranar frå første verdskrigen fann ein framskote plass blant svartskjortene. Det var også desse sterkt nasjonalistiske kreftene som slutta opp om svartskjortene i 1919, då italienske svartskjorte med Gabriele D'annunzio i spissen okkuperte Fiume (Rijeka) i Kroatia i et halvt år. Bak aksjonismen låg det eit ønske om handling framfor forhandling, og ein revansjistisk tanke om at Italia ikkje hadde fått det landet hadde blitt lova på Balkan ved London-avtalen i 1915. For å bli med i første verdskrigen hadde Italia blitt lova store landområder der.

Marsjen mot Roma og det fascistiske regimet

Svartskjorter som Italo Balbo var sentrale i den fascistiske maktovertakinga i Italia gjennom deltakinga i marsjen mot Roma i oktober 1922. Desse gruppene vart førebilete for andre krigsveteranar, såkalla arditi, som og vart aktive i squadrismen.

I løpet av åra 1919–1922 vart svartskjorene gradvis absorbert av fascistpartiet (Partito Nazionale Fascista), som brukte svartskjortene til sine formål. I tida frå den fascistiske maktovertakinga i 1922 og fram til 1924 smelta svartskjortene saman med dei offentlege styresmaktene og fekk slik statsmaskineriet til sin disposisjon.

Med konsolideringa av Mussolinis fascistregime fra 1925 søkte regimet å få kontroll på svartskjortene. Målet var å få kontroll over den paramilitære volden, som mellom anna hadde ført til at nokre av svartskjortene tok livet av den italienske anti-fascisten og sosialisten Giacomo Matteotti i 1924. Samtidig som svartskjortene no vart del av regimet, kunne Mussolini nytte dei som ris bak spegelen overfor eventuelle kritikarar.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Wolff, Elisabetta Cassina, Italias politiske historie 476-1945, Oslo 2016.
  • Dahl, Ottar, Konsens og katastrofe, Kapitler av fascismens historie i Italia, Oslo 1996. Bokhylla.no
  • Franzinetti, Mimmo, «Squadrismo», i Bosworth, R. J. B., The Oxford Handbook of Fascism, Oxford 2010.
  • Gentile, Giovanni, Origins and Doctrine of Fascism, with selections from other works, New Brunswick – London 2002.
  • Ræstad, Arnold, Italiensk fascisme, Indtryk og studier, Kristiania 1924. Bokhylla.no
  • Skard, Eiliv, Fascismen. Marsen mot Rom, Oslo 1927. Bokhylla.no
  • Segrè, Claudio G., Italo Balbo, A Fascist Life, Berkley-Los Angeles-London 1990.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg