Den siste nattverden
Nattverden er eit av dei klassiske motiva frå Det nye testamentet. Mest kjend er kanskje Leonardo da Vincis versjon, men mange av dei største kunstnarane har eigne framstillingar. Denne utgåva er av Jacopo Tintoretto, måla mellom 1592 og 1594.
Den siste nattverden
Av .
Nattverd
På skjærtorsdag var det skikk å gå til kyrkja, og mange gjekk til nattverden. Her får pleiarar frå Menighetssøsterhjemmet nattverden i Fagerborg kyrkje. Fotografert rundt 1930.
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Skjærtorsdag er torsdag i den stille veka før påske. I kyrkjeåret blir dagen markert til minne om innstiftinga av nattverden, då Jesus også vaska føtene til disiplane. Skjærtorsdag kjem av gamalnorsk skira, reinsing, som truleg viser til fotvaskinga. På skjærtorsdag var det skikk å gå til kyrkja, og mange gjekk til nattverden. Nattverden kan òg uttrykkje ei åndeleg reinsing.

Faktaboks

Etymologi
norrønt skíriþórsdagr, av skíra ‘reinse’ og þórsdagr ‘torsdag’
Også kjend som

skirtorsdag (nynorsk)

Ifølgje folketradisjonen skulle heksene ha særleg makt denne dagen. Ein kunne verne seg mot dei på ulike måtar, mellom anna var det vernekraft i korset og i sopelimen – heksene sitt eige framkomstmiddel. Det var vanleg å leggje ein sopelime utanfor inngangsdører – ein tenkte seg at ei heks ikkje kunne gå over sopelimen. Eit anna verneråd var å ringje med kyrkjeklokkene.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg