Taket i Sant’Ignazio
Motreformasjonen er den barokke tidsalderen i kyrkjekunsten.
Taket i Sant’Ignazio
Av .

Motreformasjonen var kampen til den katolske kyrkja for å vinna tilbake folkegrupper som hadde forlate kyrkja under reformasjonen, og for å styrkja eigenarten sin ved å avvisa og slå ned reformatoriske tendensar innanfor kyrkja.

Gjennom motreformasjonen fekk katolisismen det preget han har hatt heilt fram til dei djuptgåande forandringane i 1960-åra.

Nemninga motreformasjonen er vanleg både i protestantisk og katolsk kyrkjehistorieskriving.

Viktige hendingar

Motreformasjonen som historisk periode avløyser reformkatolisismen frå 1520- og 1530-åra, og er eit motstykke til reformasjonen. Motreformasjonen starta rundt 1540 og varte til utgangen av trettiårskrigen i 1648.

Dei viktigaste hendingane under motreformasjonen var:

I kyrkjekunsten

Motreformasjonen er den barokke tidsalderen i kyrkjekunsten. Den barokke stilen med sterkt kjensleinnhald passa godt til den positive propagandaen til kyrkja, og blei såleis i stor grad stilen til motreformasjonen.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Garstein, Oskar: Rome and the Counter-Reformation in Scandinavia, 1963–92, 4 b.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg