Metaforteori er eit fagområde innan språkvitskap som handlar om korleis metaforar blir brukte, både i språklege og kognitive samanhengar. Det handlar ikkje berre om språk, men òg om korleis menneske tenkjer. Fagområdet blir kalla konseptuell metaforteori eller kognitiv metaforteori.

Språklege metaforar er uttrykk som «hjartet står i brann» om forelsking og «skogens konge» brukt om elgen. Konseptuelle metaforar er uttrykk for meir grunnleggjande måtar å tenkje på, og dei kjem til uttrykk gjennom dei språklege metaforane.

Eksempel: Nokre vanlege språklege metaforar er uttrykk som «sjå bakover på livet», «vere midt i livet» og «finne ei ny retning i livet». Alle desse uttrykka samanliknar livet med ei slags reise, og ein kan seie at «LIVET ER EI REISE» er den konseptuelle metaforen som ligg under alle desse språklege metaforane.

Teorien

Konseptuell metaforteori har som utgangspunkt at metaforar er så grunnleggjande for tanke og språk at det ikkje er mogleg for menneske å greie seg utan dei.

Dette fører til ei rad med grunnsetningar eller tesar som ligg til grunn for fagfeltet:

  • Metaforen strukturer tenking.
  • Metaforen strukturerer kunnskap.
  • Metaforen er grunnleggjande for abstrakt språk.
  • Metaforen har grunnlag i fysisk erfaring.

Eit eksempel på ein konseptuell metafor er LIVET ER EI REISE. (I metaforlitteraturen vert konseptuelle metaforar som regel skrivne med store bokstavar.) I denne metaforen er det eit samband mellom eit målområde, som her er «livet», og eit kjeldeområde, som er «ei reise». Kjeldeområdet er som regel konkret, mens målområdet som regel er abstrakt. Ein kan seie at idear og tankar frå kjeldeområdet (reisa) vert projisert over på målområdet (livet).

Metaforar finst overalt i språket. Det same gjeld metonymar. Eit døme på metonymi er «FN har redda mange liv». Her er det ikkje organisasjonen som reddar liv, det er det legar og helsearbeidarar som gjer. Forskjellen mellom metafor og metonymi er at metaforen bruker noko frå eit kjeldeområde (reise) for å beskrive eit målområde (livet), mens metonymien bruker noko frå eit kjeldeområde (FN) for å beskrive noko anna i det same kjeldeområdet (legar og helsearbeidarar).

Metaforen strukturerer tenking

Det at metaforar strukturerer korleis menneske tenkjer, er eit syn som kom inn i metaforforskinga med den såkalla kognitive vendinga. Dette skjedde med antologien Metaphor and Thought (1979), redigert av Andrew Ortony.

Dei konseptuelle metaforane fungerer på tankenivået og blir sjeldan brukte direkte. Dette er eit skilje mellom konseptuelle metaforar og språklege metaforar. Dei språklege metaforane blir også kalla metaforiske uttrykk.

Dei konseptuelle metaforane kan ein finne gjennom å studere dei språklege metaforane. Ein seier at språklege metaforar realiserer konseptuelle metaforar. Den konseptuelle metaforen LIVET ER EI REISE vert til dømes realisert gjennom språklege metaforar som «å vere midtvegs i livet» eller «finne retning i livet». Andre konseptuelle metaforar kan vere GLAD ER OPP og TRIST ER NED, som blir realiserte gjennom språklege metaforar som å vere «høgt oppe», eller «langt nede». Dette er så konvensjonelle uttrykk i språket at ein mest ikkje legg merke til at dei er metaforiske, og mange vil derfor også kalle dei konvensjonaliserte metaforar.

Mange metaforar er universelle, men kan ha ulike språklege uttrykk i ulike kulturar. For eksempel er ein svært vanleg metafor DØDEN ER EI REISE, men det ein reiser med, kan variere etter kva reisemåte som er vanleg i ein kultur. I vestleg kultur finst metaforen om at døden er ei båtreise, og i gresk mytologi vert den døde frakta av ferjemannen Kharon over elva Styx, som skil jordelivet frå underverda. I arabisk kultur finst metaforen «Døden er ein svart kamel som ein dag vil knele ved kvar manns dør». For å forstå denne metaforen, må ein vite at ein kamel kneler når han skal få ein ryttar på ryggen sin, og om kamelen kneler ved kvar manns dør, betyr at det at alle ein eller annan gong vil bli henta av den svarte kamelen. Reisa mot døden går då føre seg på ein kamelrygg gjennom ørkenen.

Metaforane kan vere aktive, sovande, daude eller konvensjonaliserte.

  • Aktive metaforar er nye og mindre vanlege metaforar, som ofte blir brukt for å stimulere eller overraske. Eit eksempel på dette er «Han hadde fem istappar på kvar hand», brukt til å karakterisere ein person med eit kaldt handtrykk (og truleg også eit kaldt hjarte).
  • Sovande metaforar er metaforar som er velbrukte og kanskje i ferd med å bli klisjear. Desse kan vekkast til live igjen på ulike måtar. Ein måte er å stille spørsmål ved eller protestere mot metaforen, slik den samiske kunstnaren Nils Aslak Valkeapää gjer med metaforen «opplyst» i dette diktet: «Verden er jo så opplyst/ hundre millioner mennesker har det opplyste mennesket drept/de siste femti år.»
  • Daude metaforar har som regel mist det biletlege potensialet sitt og vert ikkje alltid sett på som metaforar. To eksempel er bruken av ord for kroppsdelar på ting som «lampefot» og «stolbein».
  • Konvensjonaliserte metaforar er metaforar som er mykje brukte, som til dømes metaforane om livet som reise eller om å vere glad (oppe) eller trist (nede). Kognitive metaforforskarar meiner at det er dei konvensjonaliserte metaforane som er viktige, fordi dei er umedvitne, automatiske, effektive og har djupe røter i medvitet vårt.

Metaforen strukturerer kunnskap

Metaforar kan gjere kunnskap meir tilgjengeleg og forståeleg. Eit eksempel er at når ein skal beskrive korleis datamaskinar er kopla saman, bruker ein språklege metaforar som «vev» (verdsveven) og «nett» (internett). Dette gjer det mogleg for ikkje-ekspertar å forstå at datamaskinar kan kommunisere med kvarandre og hengje saman som knutar i eit nett. Nettmetaforen har spreidd seg med stor fart, og vert brukt av så å seie alle i vår tid.

Ekspertar har meir nøyaktig kunnskap om målområdet, og dermed eit meir presist bilde av kva internett eigentleg er, enn det ikkje-ekspertar har, men alle bruker den same metaforen. Det same gjeld andre metaforar for korleis ein datamaskin fungerer. Her er kjende element frå det fysiske kontoret overført til datamaskinen, element som skrivebord, mappe, fil, papirkorg og søppelpost. Dette er metaforar alle forstår, men som ekspertar har ei djupare forståing av enn folk elles. Prosessen med å overføre frå det kjende til det ukjende er svært vanleg både i vitskap og formidling.

Innanfor kvardagskunnskap finst den konseptuelle metaforen KJÆRLEIK ER EI REISE. I kjærleiken er det mange uventa hendingar, og det kan vere vanskeleg å få dei til å hengje saman. Men om ein tenkjer på kjærleiken som ei reise, med «oppturar» og «nedturar», ei reise der vi kan kome til «vegkryss» der vi kanskje må «skilje lag» og «gå kvar vår veg», kan ein likevel finne meining og samanhengar om ein «stoppar opp» og «ser tilbake», trass i at ekteskapet har «havarert». Den konseptuelle metaforen kan hjelpe ein til å forstå det som har hendt gjennom strukturen til eit kjent kjeldeområde, som her er reisa. På same måten kan metaforar hjelpe til å forklare eller forstå død, eller sterke kjensler som lykke og sorg.

Metaforen er grunnleggjande for abstrakt språk

Metaforen er ein kognitiv mekanisme som gjer at spesifikk kunnskap om konkrete fenomen og erfaringar blir projiserte over på ei mengd med abstrakte område. Nokre eksempel er at tid ofte blir forstått som rom, kjensler som naturkrefter, tankar som objekt som kan handterast, og organisasjonar som plantar eller maskinar.

Metaforen er ein grunnleggjande mekanisme for abstrakt kategorisering, tenking og kommunikasjon. Vanlege metaforar som å «få bodskapen fram», «leggje meining i eit ord» og «trekkje ut det vesentlege», tyder på at det finst ein underliggjande konseptuell metafor som kan formulerast som KOMMUNIKASJON ER FYSISK OVERFØRING. Omgrep som «avsendar» og «mottakar» passar òg inn i denne konseptuelle metaforen.

Kommunikasjon er eit abstrakt fenomen, og som med mange andre abstrakte tema er det berre mogleg å snakke om det med hjelp av eit mindre abstrakt område som er meir kjent.

Andre eksempel på abstrakte område der metaforar er viktige for forståing, er psykisk sjukdom og terapi. Å vere psykisk frisk blir ofte karakterisert som «å vere i balanse», mens å vere psykisk sjuk blir omtalt som «å vere i ubalanse».

Metaforen har grunnlag i fysisk erfaring

Fleire tverrspråklege studiar kan tyde på at metaforar for kjensler har grunnlag i fysiske erfaringar. Mange språklege metaforar som blir brukte om sinne, høyrer for eksempel til den konseptuelle metaforen SINNE ER VARM VÆSKE I EIN BEHALDAR. Dette kjem til uttrykk i språklege metaforar som «då begynte det å koke», «eg heldt på å eksplodere» og «då rann det over». Desse metaforane finst både i norsk og engelsk og til dels også kinesisk. I kinesiske metaforar finst òg både «press» og «varme» som språklege metaforar for kjensler, men der er «gass» brukt i staden for væske for å karakterisere sinne.

Metaforar om lyst er ofte knytte til kjeldeområdet varme, som «komme inn i varmen», «prøve å tenne den andre», «få hjartet i brann» og «blod som kjem i kok». Det er mogleg at desse metaforane har grunnlag i universelle fysiske erfaringar med varme assosierte med lyst, og at desse metaforane har ein fysisk og ikkje kulturell basis.

Andre metaforar med grunnlag i varme er det vi kallar primærmetaforar, metaforar som blir utvikla tidleg i livet hos alle småbarn. Eit viktig element i denne teorien er at små barn vil kjensler bli knytte til fysisk varme, når dei blir haldne inntil den vaksne sin kropp og får mat og kos. Denne koplinga skjer ubevisst og er grunnlaget for tanken om at vi tidleg utviklar eit nettverk av metaforar baserte på fysiske erfaringar, og at primærmetaforane er universelle.

Metaforen er ideologisk

Innan politisk retorikk er det svært vanleg å bruke metaforar. Den britiske metaforforskeren Jonathan Charteris Black har teke for seg metaforane til amerikanske presidentar og britiske politikarar.

George W. Bush sine metaforar var prega av Irak-krigen og framstilte til dømes den islamske verda som eit barn som trong USA til å ta vare på seg. I tillegg vart Saddam Hussein og hans allierte framstilte som Axes of Evil («vondskapens akse»).

Den britiske statsministeren Tony Blair brukte dei konseptuelle metaforane POLITIKK ER ETIKK og MORAL ER KONFLIKT for å rettferdiggjere Irak-krigen. Den underliggande myten vart kampen mellom det gode og det vonde, der det vonde viste seg å vere Osama Bin Laden og seinare regimet til Saddam Hussein, som også vart kalla the Nazi evil.

Margaret Thatcher, som var britisk statsminister frå 1979 til 1990, hadde dei konseptuelle metaforane POLITIKK ER KONFLIKT og SAMFUNNET ER EIN FRISK ELLER SJUK ORGANISME. Når politikk vert forstått som konflikt, blir for eksempel arbeidsløyse, inflasjon og kriminalitet noko ein må bekjempe, mens årsakene forblir skjulte. Når samfunnet vert forstått som ein frisk eller sjuk organisme, blir metaforar om helse og sjukdom brukte til å evaluere grupper og ideologiar i samfunnet. Det sunne og friske vart relatert til det konservative partiet, mens det sjuke hadde med det britiske arbeidarpartiet å gjere. Slik sett vart sosialisme framstilt som ein framand sjukdom i det britiske samfunnet.

Under koronapandemien brukte myndigheitene mange krigsmetaforar i omtale av koronaviruset («slå ned», «vinne kampen mot» og liknande), og i omtalen av flyktningar og asylsøkarar har det blant politikarar og journalistar vore vanleg å bruke metaforar knytte til katastrofar i naturen, som flom, flodbølgjer og strid straum. Dette gir oss høve til å forstå flyktningar og asylsøkarar som naturkatastrofar, som vi følgjeleg må demme opp for og verje oss mot.

Metaforar kan både framheve og skjule. Ved å bruke naturkatastrofar som kjeldeområde for å beskrive flyktningeproblemet, blir det framheva at dette er noko som skjer heilt av seg sjølv. Det er uinteressant kva som er årsaka, og det er definitivt ingen å klandre for at det skjer. Det einaste vi treng å fokusere på, er å unngå dei uheldige konsekvensane for oss sjølve. Det som blir skjult med denne metaforbruken, er årsakene til at det aukande flyktningeproblemet, nemleg klimakrise, krig og undertrykking.

Les mer i Store norske leksikon

Litteratur

  • Askeland, N. & M. Agdestein (2019). Metaforer. Hva, hvor og hvorfor? Oslo: Universitetsforlaget.
  • Askeland, N. & M. Agdestein (2021- ). Metaforprat. En podkast i ti episoder. https://www.universitetsforlaget.no/metaforer-1
  • Bolognesi, M. & A.W. Horvat. (2023). The metaphor compass. Directions for metaphor research in language, cognition, communication, and creativity. New York: Routledge.
  • Lakoff, G, & M. Johnson (1980, Metaphors we live by. Chicago: University of Chicago Press.
  • Orthony, A, (1979) (red.). Metaphor and thought. Cambridge: Cambridge University Press.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg