Nemneform er i grammatikken den bøyingsforma som vi brukar for å omtale eit ord, som når vi seier «verbet gråte» eller «substantivet sau».

Faktaboks

Også kjend som

nevneform, lemma

Nemneforma er den forma av eit ord som representerer alle bøyingsformene. I dette eksempelet er nemneforma kursivert:

- EINTAL FLEIRTAL
UBUNDEN (UBESTEMT) sau sauer
BUNDEN (BESTEMT) sauen sauene

Nemneforma er den forma ein brukar som oppslagsform i ei ordbok. I ei norsk ordbok slår vi nettopp opp på gråte, og til dømes ikkje presensforma græt.

Eit anna ord for nemneform er lemma.

Ein seier òg at nemneforma representerer leksemet. Leksemet er ordet sett på som ei leksikalsk eining, abstrahert frå dei enkelte bøyingsformene. Ein kan til dømes seie leksemet SAU har fire bøyingsformer. Leksemet blir ofte skrive med store bokstavar, for å skilje det frå dei enkelte bøyingsformene.

Norske nemneformer

Norsk har nemneformer som desse:

  • For substantiv er nemneforma ubunden (ubestemt), eintal, som båt, kjærleik, salt
  • For adjektiv er nemneforma ubunden, eintal, hankjønn, positiv, som stor, liten, svolten
  • For verb er nemneforma infinitiv, som segle, elske, gråte

Latinske nemneformer

Det er til dels vilkårleg kva bøyingsform av eit leksem som blir brukt som nemneform. Som nemnt ovanfor brukar vi infinitiv som nemneform av norske verb, men i latinsk grammatikk brukar ein 1. person eintal, presens indikativ aktiv som nemneform, til dømes amō 'eg elskar', i staden for infinitiven amāre 'elske'.

Latinske substantiv har nominativ eintal som nemneform, og i ei latinsk ordbok må vi då til dømes slå opp på rēx 'konge', og ikkje til dømes på rēgis (genitiv eintal) eller rēgem (akkusativ eintal).

Det latinske kasus-namnet nōminātīvus 'nominativ' heng saman med verbet nōmināre 'nemne'.

Nemneformene er vilkårlege

Valet av nemneform er vilkårleg og følgjer berre ein tradisjon blant grammatikarar. Det hadde vore mogeleg å velje heilt andre bøyingsformer som nemneformer.

I latinsk grammatikk kunne ein like gjerne ha valt akkusativ eintal som nemneform, den forma som ligg til grunn for dei fleste substantiv i moderne romanske språk. Til dømes kjem både fransk roi 'konge' og spansk rey 'konge' av akkusativ eintal rēgem.

nynorsk hadde det vore meir praktisk å velje presens indikativ av verbet som nemneform, sidan denne bøyingsforma inneheld meir informasjon om bøyinga. Frå formene lever og kastar kan vi slutte oss mellom anna til preteritum-formene levde og kasta, noko vi ikkje kan ut ifrå infinitiv leve og kaste.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg