Karin Krog
Karin Krog under Molde Jazzfestival i 1987
Av /NTB Scanpix.
Billie Holiday
Billie Holiday var en av de fremste vokalistene i jazzen, med en sjelden evne til melodisk improvisasjon.
Av .

Jazzsong er alle former for vokale uttrykk innan sjangeren jazz.

Konteksten omgrepet brukast i kan ofte avgjere kva det er meint å dekke. Innanfor musikkopplæring og –utdanning er jazzsong eit fag, og ofte brukt som fellesnemnar om songundervisning som ikkje er klassisk. Då kan det brukast synonymt med omgrepet rytmisk song, og dekker song innanfor soul, R&B, pop, rock, frijazz og så bortetter, men ikkje song i musikalsjangeren. Dersom konteksten er musikkhistoria og musikklivet generelt, refererer omgrepet jazzsong til utøvarpraksisar hos songarar på jazzfeltet.

På same måte som omgrepet jazz er i stadig endring og påverkast av lokale historiske, samfunnsmessige og kulturelle faktorar, rommar også jazzsong som utøvande praksis stor sjangermessig og stilistisk variasjon. Ein god del faguttrykk som brukast på feltet kjem frå engelsk. Sidan tilsvarande ord på norsk har ein annan valør, vil denne artikkelen bruke dei engelske orda i kursiv, der det er naudsynt for å uttrykke fagleg terminologi.

Fellestrekk

Felles for ulike stilar og sjangrar innan jazzsong er det å dyrke ein personleg sound, ei improvisatorisk tilnærming til den vokale praksisen, og det å legge vekt på rytme og time (taim). Det å ha ein god time kan forklarast som ei stødig og presis beat-kjensle (puls og underdeling) og periodekjensle. Når det gjeld stemmebruk, vil jazzsongarar ofte ta i bruk eit breitt spekter av klanglege moglegdomar, som ein del av deira kreative uttrykksrepertoar. Dette kan handle om å velge å synge med eller utan vibrato, å synge med ein komprimert klang og twang (onomatopoetikon som betyr å synge med nasal og skarp klang, ofte med sterkt volum høgt i stemmeregisteret), å synge med eller utan luft på stemmen, med ein overtonerik klang, eller med ein «flat» klang som unngår overtonar.

Sidan slike aspekt er eit spørsmål om personlege estetiske valg, etterstreber den enkelte songar ein individualisert stemmebruk som ikkje er avgrensa til bestemte klangkonvensjonar. Likevel er ofte parameteret rytme viktigare enn parameteret klang i jazzsong. Dette kan ein høyre når ein jazzsongar til dømes fokuserer meir på det perkusive potensialet i konsonantane i ein songtekst, enn å synge vokalar med egalitet, slik konvensjonen er i klassisk song.

Ein god time er også viktig for å kunne kommunisere musikalsk med andre bandmedlemmar, og for å kunne vere improvisatorisk fleksibel i utforming av ein song.

Vokal improvisasjon

Den improvisatoriske tilnærminga i jazzsong kan dreie seg om å frasere songar med tekst på ein personleg måte, også kalla parafrasering. Dette er ein vanleg improvisasjonsform innanfor vokal mainstream-jazz. Parafrasering betyr i denne samanhengen at songaren kan improvisere den rytmiske utforminga av tekstlege fraser, gjerne i kombinasjon med melodiske endringar i relasjon til den underliggande harmonikken. Dømer på songarar der parafrasering er eit sentralt trekk ved deira uttrykk, er Betty Carter, Shirley Horn, Kurt Elling og Karin Krog.

Scat

Louis Armstrong, Colosseum Kino, 1952
Av .

Det kan også dreie seg om ordlaus improvisasjon, frå såkalla scat-song til fri og klangorientert improvisasjon. Scat er ofte inspirert av instrumental improvisasjon innanfor bebop, der songaren improviserer melodiske linjer over eit akkordskjema. Dei fonetiske stavingane som nyttast i scat er også improviserte, og har som regel primært ein rytmisk funksjon. Kjende utøvarar som har brukt vokal scat-improvisasjon er Louis Armstrong, Ella Fitzgerald, Sarah Vaughan og Chet Baker.

Soundsinging

Fri vokal improvisasjon fokuserer gjerne på å utnytte dei rike klanglege og fonetiske moglegdomen i stemmen og taleapparatet, og songarar innanfor slike praksisar kan ta i bruk referansar til talespråk, fragment av eksisterande songtekstar, konkret lydimitasjon (imitasjon av instrument, dyrelydar eller andre klåre lydreferansar), teatrale effektar, og abstrakt lydproduksjon med eit fokus på stemmen sine fonetiske og sonologiske kvalitetar, utan semantisk innhald eller konkrete referansar). Soundsinging er eit felles omgrep som dekker eit slikt breitt klangrepertoar innanfor fri vokal improvisasjon. Av sentrale songarar innanfor fri vokal improvsasjon/soundsinging er Maggie Nichols, Phil Minton og Sidsel Endresen.

Ei improvisatorisk tilnærming kan også handle om å gi kjende og velbrukte låtar ei ny drakt, i form av reharmonisering av den underliggande harmonikken, endring av taktart og/eller groove eller andre arrangementsmessige aspekt. På den måten gir songaren seg sjølv ein ny musikalsk omgjevnad å utforme låta i.

Bruk av tekst

Bruk av tekst i jazzsong varierer altså, og forholdet jazzsongarar har til tekst kan skille seg frå funksjonen tekst har i andre vokale sjangrar som klassisk song, opera, musikal og visesong, der det fortellande eller emosjonelle semantiske innhaldet ofte er styrande for utforminga av uttrykket. I improvisert parafrasering av ei jazzlåt kan songaren velge å la innhaldet i teksten kome i bakgrunnen, og behandle orda i teksten som ein «transportør» for melodiske, rytmiske og klanglege improvisatoriske valg.

Instrumentalsong og vocalese

Ei anna viktig retning er ordlaus jazzsong, såkalla instrumentalsong. Instrumentalsong kan vere improvisert eller ikkje improvisert, og har til felles med scat-song at songaren utformar dei fonetiske stavingane hen skal synge på, anten dei øvast inn på førehand eller blir improvisert fram. Fråveret av semantisk tekst stiller songaren såleis friare når det gjeld artikulasjon, og gjev hen moglegdom til å synge raskare rytmiske rørsler enn det å synge tekst innbyr til. Derfor kan instrumentalsong kjenneteiknast ved eit virtuost uttrykk, men ikkje nødvendigvis. Norma Winstone og Elin Rosseland er songarar som er kjende for å bruke instrumentalsong.

Ei anna virtuos retning er den såkalla vocalese-tradisjonen, og blei etablert av songarar som Eddie Jefferson, King Pleasure, Annie Ross og Jon Hendricks. Denne stilen kjenneteiknast ved å sette ord til eksisterande instrumentallåter og/eller transkriberte instrumentalsoloar, ofte låter i høge tempi.

Sosial rolle og status

Jazzsongarar har historisk sett blitt tillagt ulike sosiale roller og sosial status. Jazzsong innanfor mainstream-tradisjonen har ofte blitt sett på som meir kommersiell enn tilsvarande instrumental mainstream-jazz. Dette har på den eine sida ført til popularitet hos lyttarar som ellers ikkje definerer seg som del av eit jazzpublikum, men på den andre sida har jazzsong ofte blitt behandla som undrordna og mindre autentisk enn den instrumentale, på grunn av dei kommersielle assosiasjonane.

Jazzsong som fenomen, og utøvarar innan jazzsong, er ofte i liten grad skildra i historiske framstillingar av jazz som sjanger. Ein kan derfor få inntrykk av at song ikkje har vore viktig for utviklinga av musikkformen, til tross for at røttene til jazz er vokale uttrykksformer som blues, work songs og spirituals. Denne usynleggjeringa kan henge saman med at jazzsong er ein kvinnedominert praksis. Kvinner blir rekna for å ha hatt låg status på jazzfeltet, som for øvrig er og har vore mannsdominert, særleg innan instrumental jazz.

Nyare jazzforskning er i ferd med å snu om på dette biletet, gjennom å synleggjere utøvarar, praksisar og perspektiv relatert til jazzsong i større grad enn tidlegare. Eit døme på tydinga av song på jazzfeltet er korleis språket som brukast for å skildre jazzimprovisasjon ofte er rikt på metaforar frå det songlege, som i uttrykka «utvikle sin eigen stemme» og «å synge gjennom instrumentet». Saksofonisten Lester Young var til dømes svært påverka av å lytte på jazzsongarar, og han insisterte på å lære seg teksten på alle låtene han spelte.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg