Islamske lovskular er retningar, eller variantar av shariaen, den islamske lova. Det fins fire slike retningar innanfor sunniislam, medan dei ulike sjiiske retningane har kvar si lovtolking, eller lovskule.

Faktaboks

Også kjend som

arabisk madhhab

Det arabiske namnet er madhhab, som kan omsettast med 'inngang' eller 'metode'. Madhhab blir også av og til omsett med 'ritar', sidan dei – og shariaen – ikkje berre dekker rettsvitskap, men også rituale og religiøse reglar, slik kan til dømes bønna utføras litt ulikt alt etter madhhab. Ordet 'skule' må altså her ikkje forvekslast med 'lærestad', men betyr «grupper av lærde som deler synspunkt».

Historie

Slike grupper oppstod rundt framståande rettslærde i sentrale byar i dei første to hundreåra av islam. Studentane deira samla seg og arbeidde for å fremme dei tolkingane som lærarane hadde stått for. Etter to til tre generasjonar, altså på 900- eller 1000-talet, vart desse gruppene organisert og systematisert rundt sentrale læreverk, og det var semje om at ein rettslærd måtte knytte seg til éin av desse lovskulane og bruke lovtolkingane til denne.

I utgangspunktet var det meir enn fire lovskular også innanfor sunniislam. Abd al-Rahman al-Awza'i (d. 774) oppsummerte lovtolkinga som dominerte i Syria, som då var sentrum i riket. Sufyan al-Thawri (d. 778) var ein tidleg irakisk rettslærd som hadde tilhengarar i byen Basra, og den berømte teologen og historikaren Muhammad ibn Jarir al-Tabari (d. 923) fekk også ein lovskule kalla opp etter seg, Jaririyya. Men etter kvart døydde alle desse bort og gjekk opp i dei fire attverande lovskulane, hanafi-, maliki-, shafi'i og hanbali-skulane.

Den einaste andre som sette spor etter seg, var den bokstavtru zahiri-skulen, som bygde på ei så bokstavtru lesing av openberringstekstene, Koranen og hadith, som råd og avviste menneskeleg jus så langt råd. Den fekk eit oppsving i Andalus og Nord-Afrika på 1100-talet, inspirert av den store muslimske lærde Ahmad Ibn Hazm (d. 1065). Men også denne døydde seinare ut.

Skilnader mellom lovskulane

Dei fire lovskulane bygger på samme grunnlag, og er i store trekk samstemte, men kan variere mykje i viktige delspørsmål. Eit døme er skilsmisselova. Alle fire erkjenner mannens rett til å skilje seg frå kona (talaq), konas rett til å be om skilsmisse mot kompensasjon (khul'), og skilsmisse ved dom i ein rettssal. Men på det siste punktet er det stor skilnad mellom hanafi-lova som berre godtar rettsleg skilsmisse dersom det er ein formell feil i ekteskapskontrakten, og maliki-retten der dommaren kan skilje ektefolk over ektemannens protest dersom dommaren meiner kona kan ta fysisk eller åndeleg skade i vid forstand. Dei to andre lovskulane godtar rettsleg skilsmisse på meir avgrensa grunnlag. Skulane bygger også på rettsvitskaplege metodologiar som avvik mykje frå kvarande. Dei kan slik vere samde om ein konkret lovregel, men heilt usamde om kvifor dette er regelen.

Trass i desse skilnadene anerkjenner lovskulane kvarandre som alternativ, ut frå at «Gud veit best kva som er rett, menneska må prøve å nærme seg det». Ei avgjerd gjort i ein shafi'i-rettssal vil bli akseptert av ein hanafi-dommar, sjølv om han ut frå sin lovskule ville dømt annleis. Men i klassisk tid (frå 1000-talet til 1800-talet) var idealet at ein rettslærd skulle halde seg strikt berre til sin eigen lovskule, og ikkje ta omsyn til tolkingar i dei andre skulane.

Geografisk utbreiing

Tre av dei fire sunniske lovskulane (hanafi-, maliki-, og shafi'i-skulane) kom til å dominere i høvesvis nord, vest og søraust av den islamske verda. I dei sentrale områda, og ikkje minst i dei arabiske områda som vart del av Det osmanske riket, var fleire av skulane til stades, i dei største byane alle fire. Tilhøvet mellom dei vart løyst på ulikt vis, det kunne til dømes vere ulike domstolar for kvar retning, og dei som søkte rettshjelp kunne då velje kva for ein dei ville gå til. Men i straffesaker godtok styresmaktene til vanleg berre éin lovskule (i det osmanske riket var det hanafi-skulen).

Dei ulike retningane av sjia-islam har kvar sin lovskule. I den største av dei, tolv-retninga som dominerer i Iran og har støtte i Irak, Libanon og andre land, kallas lovskulen jafari-skulen, etter den sjette imam Jafar al-Sadiq. Denne rettsretninga vart likevel utvikla først på 1000- til 1300-talet, kjente juristar her er al-Shaykh al-Mufid (d. 1022) og al-Allama al-Hilli (d. 1325). Skulen fekk først ein geografisk basis da safavidane samla Iran til eitt land i 1501 og innførte sjiismen der. Zayd-retninga sin lovskule har dominert i delar av Jemen sidan 900-talet, og er fortsatt viktig i det nordlege Jemen.

Norske muslimar følger i religiøse spørsmål all hovudsak lovskulane i sine opphavsland, sunniske muslimar av pakistansk, bosnisk, afghansk og tyrkisk opphav følger hanafi-skulen, medan nord-afrikanarar følger maliki-skulen. Sjiamuslimar (irakarar, libanesarar, med videre) følger i hovudsak jafari-skulen.

Lovskulane i moderne tid

Alt på 1700-talet voks det fram motstand mot «fastfrysinga» av shariaen i fire lovskular. Fleire meinte at dette splitta islam unødig, og utvikla seg til ei «anti-madhhab»-rørsle som meinte den islamske lova måtte trekke på alle dei fire sunniske skulane. Muhammad ibn Ali al-Shawkani (d. 1834) var ein zaydisk rettslærd som også ville bryte ned skillet mellom sunnisk og zaydi-islamsk lov. Då dei moderne statane oppstod på 1900-talet, vart denne kritikken av lovskulane ført vidare av dei moderne statane, som ofte ønskte å dra lova frå alle skulane. Dette kunne dei bruke til sine formål. Om dei ville trekke lova i ei bestemt retning, liberal eller konservativ, kunne dei slik «plukke» dei reglane frå maliki-retten som dei fann mest høvelege på eitt felt, og dei frå hanafi-lova som passa dei best på andre felt, utan omsyn til metodologien som låg bak.

I dag er derfor lovskulane rettsleg først og fremst kjelder til den statlege lovgivinga, særleg på familierettens områder. Men lovskulane lever vidare innan rituale og andre religiøse oppfatningar om kva som er rett praksis.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg