Hypotagme er ein grammatisk konstruksjon med to ledd, der det eine leddet er underordna det andre. Til dømes er adjektivet ny underordna substantivet bil i konstruksjonen ny bil.

Faktaboks

Uttale
hypotˈagme
Etymologi
av gresk hupó (ὑπό) 'under' og tágma (τάγμα) ‘ordning’

Dei to ledda i eit hypotagne blir kalla underledd og overledd. I hypotagmet ny bil, som er ein nomenfrase, er ny underledd og bil overledd. Underleddet er underordna overleddet, og overleddet er overordna underleddet.

Underordning står i motsetnad til sideordning (paratakse).

Tradisjonell definisjon av underordning

Den tradisjonelle måten å definere underordning på er å seie at overleddet — og ikkje underleddet — kan representere same grammatiske kategori som heile konstruksjonen. Dette kan illustrerast med desse setningane, der både raud bil og bil er nomenfrasar som kan fungere som objekt, noko ny ikkje kan:

  1. Ho har kjøpt seg raud bil.
  2. Ho har kjøpt seg bil.
  3. *Ho har kjøpt seg raud.

Formuleringa *Ho har kjøpt seg raud er ikkje ugrammatisk, men ei ufullstendig eller elliptisk setning der substantivet er utelate og underforstått.

Semantikken i hypotagmet

Forholdet mellom underledd og overledd har ofte grunnlag i tydinga. Ein kan førestille seg ein bil utan å ta stilling til fargen, men ein kan ikkje førestille seg noko raudt utan å ta stilling til kva det er som er raudt:

  • bil 'motordriven vogn på fire (sjeldan tre) eller fleire hjul til frakt av folk og last'
  • raud 'med farge som ligg mellom oransje og fiolett i sollysspekteret'

Andre namn på ledda

Underledd og overledd går under fleire namn:

  • Andre namn på underleddet er adledd og attributt.
  • Andre namn på overleddet er hovud og kjerne.

Underordning i vidare tyding

Nemninga hypotagme blir berre brukt i syntaksen, så denne artikkelen handlar berre om syntaktisk underordning — som rett nok ofte har eit semantisk grunnlag. Men underordning finst i alle delar av språket — i semantikk, syntaks, morfologi og fonologi:

  • Semantisk og syntaktisk underordning: Nomenfrasen raud bil, som illustrert ovanfor.
  • Morfologisk underordning: I ordet bilen er bøyingssuffikset -en underordna stamma bil. Stamma bil kan stå aleine utan suffikset -en, men ikkje omvendt.
  • Fonologisk underordning: I stavinga /¹nyː/ er /n/ underordna /yː/. Vokalen /yː/ kan stå aleine utan konsonanten /n/, men ikkje omvendt.

Ein annan definisjon av underordning

Det er relativt vanleg å definere underordning litt annleis enn det er gjort ovanfor:

  • Underordning er ein asymmetrisk syntaktisk relasjon der eitt ledd, overleddet, krev visse «tillegg» eller «utfyllingar» eller underledd.

På dette grunnlaget kan verbalet i ei setning forståast som eit overledd, mens dei andre setningsledda, som subjekt og objekt er underledd. Her er eit eksempel, med den transitive verbforma fortærer forstått som overledd:

  1. [Løva]subjekt [fortærer]verbal [antilopen]objekt
  2. *Løva fortærer.
  3. *Fortærer antilopen.

Semantisk er dette det motsette av relasjonen i nomenfrasen raud bil, som er omtalt lenger oppe: Ein kan førestille seg ei løve eller ein antilope utan å setje dei inn i ein særskild situasjon, men fortærer kan ein ikkje førestille seg utan å setje det inn i ein situasjon der nokon eller noko fortærer nokon eller noko.

På dette grunnlaget kan også ein konstruksjon med ein preposisjon pluss ein nomenfrase reknast som eit hypotagme, med preposisjonen som overledd og nomenfrasen som underledd. Til dømes blir då til byen analysert som eit hypotagme med namnet preposisjonsfrase:

  • [ [til]preposisjon [byen]nomenfrase ]preposisjonsfrase

Nomenfrasen i ein preposisjonsfrase blir kalla styring, utfylling eller komplement. Dette er den vanlege analysen i norsk grammatisk tradisjon.

Alternativ analyse av preposisjonsfrasen

Ikkje alle forskarar er einige i analysen ovanfor av det som her er kalla ein preposisjonsfrase. Dixon (2010) argumenterer for at det ikkje finst noko som heiter preposisjonsfrasar — og heller ikkje preposisjonar og postposisjonar. Han analyserer i staden til byen som ein nomenfrase med byen som overledd og til som ein underordna grammatisk partikkel eller markør.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Dixon, R. M. W. 2010. Basic Linguistic Theory. Volume 1, Methodology. Oxford: Oxford University Press.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg