Det er relativt vanleg å definere underordning litt annleis enn det er gjort ovanfor:
- Underordning er ein asymmetrisk syntaktisk relasjon der eitt ledd, overleddet, krev visse «tillegg» eller «utfyllingar» eller underledd.
På dette grunnlaget kan verbalet i ei setning forståast som eit overledd, mens dei andre setningsledda, som subjekt og objekt er underledd. Her er eit eksempel, med den transitive verbforma fortærer forstått som overledd:
- [Løva]subjekt [fortærer]verbal [antilopen]objekt
- *Løva fortærer.
- *Fortærer antilopen.
Semantisk er dette det motsette av relasjonen i nomenfrasen raud bil, som er omtalt lenger oppe: Ein kan førestille seg ei løve eller ein antilope utan å setje dei inn i ein særskild situasjon, men fortærer kan ein ikkje førestille seg utan å setje det inn i ein situasjon der nokon eller noko fortærer nokon eller noko.
På dette grunnlaget kan også ein konstruksjon med ein preposisjon pluss ein nomenfrase reknast som eit hypotagme, med preposisjonen som overledd og nomenfrasen som underledd. Til dømes blir då til byen analysert som eit hypotagme med namnet preposisjonsfrase:
- [ [til]preposisjon [byen]nomenfrase ]preposisjonsfrase
Nomenfrasen i ein preposisjonsfrase blir kalla styring, utfylling eller komplement. Dette er den vanlege analysen i norsk grammatisk tradisjon.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.