Thorbjørn er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Þor-bjǫrn. I dette toledda namnet er forleddet gudenamnet Tor. Etterleddet tyder ‘bjørn’.

Namnet har fleire variantar: Thorbjørn, Torbjørn.

Kjende personar med namnet Thorbjørn

Eit utval personar med namnet Thorbjørn, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 277 menn i Noreg som hadde Thorbjørn som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 6 gutar som fekk namnet Thorbjørn.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er stavevariantane Torbjørn og Thorbjørn slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Torbjørn og Thorbjørn høyrer til ei stor gruppe samansette nordiske namn som hadde toppfasen sin i kortare eller lengre tid innanfor perioden 1890–1969. I tillegg til Thorbjørn, som var på topp i 1920-åra, gjeld dette til dømes Arnfinn, Arnulf, Asbjørn, Dagfinn, Gudmund, Jostein, Kolbjørn, Oddbjørn, Oddvar, Ragnvald og Sigmund. Sidan år 1900 har Torbjørn vore brukt meir enn tre gongar så mykje som Thorbjørn.

Utvikling i bruk av namnet Thorbjørn frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Thorbjørn frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg