Syver

Artikkelstart

Syver er eit mannsnamn som er yngre norsk form av det tyske Sig-vard der forleddet tyder ‘siger’ og etterleddet ‘vaktar’.

Syver har i nokre tilfelle fungert som «nummernamn» og vorte gitt til det sjuande barnet i søskenflokken. Også Sjønne av norrønt Sjaundi tyder ‘den sjuande’.

Namnet har fleire variantar: Syvert, Syver.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 1100 menn (fødde i Noreg) som hadde Syver som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg