Sjønne er eit mannsnamn som går tilbake til norrønt Sjaundi laga til talordet sjaundi med tydinga ‘den sjuande’.

I norrøn tid og litt seinare var namnet meir gjennomsiktig på den måten at ein klart såg at det tydde ‘den sjuande’, og då kunne namnet bli brukt på det sjuande barnet i søskenflokken.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 10 menn (fødde i Noreg) som hadde Sjønne som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg