Faktaboks

Steinkjer-Avisa
Offisielt namn
STEINKJER AVISA AS
Organisasjonstype
Aksjeselskap
Forretningsadresse
Steinkjer
Dagleg leiar
Geir Jonny Rognan
Styreleiar
Sivert Rossing
Logo
Logo
Av .
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Steinkjer-Avisa er ei lokalavis som kjem ut i Steinkjer, i papirformat kvar fredag, og elles som dagleg oppdatert nettavis. Avisa blei grunnlagd i 1984 og er eigd av Trønder-Avisa. Avisa dekkjer Steinkjer kommune.

Digitalt

Avisa publiserer på alle digitale plattformer. Gjennom eit vidtfemnande samarbeid med Amedia har abonnentane frå 2023 fri tilgang på sportssendingar i ei rekkje tv-kanalar. Det gjennomsnittlege talet på daglege lesarar på nett og papir var 9078 i tredje kvartal 2023, ifølgje statistikk frå Mediebedriftenes Landsforening.

Historie

Steinkjer-Avisa blei grunnlagd i 1984 som eit superlokalt blad i konkurranse med veletablerte Trønder-Avisa. Nykomlingen har greidd seg godt, og har sidan 1999 kome ut med Trønder-Avisa som eigar.

Det første nummeret av avisa kom ut 7. august 1984. Til å begynne med kom det to utgåver i veka, tysdag og fredag. Først i 1990-åra blei dette endra, og bladet kjem no ut ein gong i veka.

Det var Lothar Viem som etablerte Steinkjer-Avisa. Saman med kona, Bodil Elisabeth Viem, eigde dei bladselskapet med 50 prosent kvar. I Steinkjer var det skepsis til om det kunne vere mogleg å drive ei ny avis på same stad som Trønder-Avisa, som hadde eit solid grep om store delar av Nord-Trøndelag fylke, og i særleg grad Innherad og Steinkjer. Viem hadde lang aviserfaring, frå Trønder-Avisa, Adresseavisen, Innherreds Folkeblad og Verdalingen. I ti år hadde han gått med planar om å etablere lokalavis i heimbyen.

Til å begynne med hadde dei teknisk produksjon i Steinkjer og trykte avisa hos Namdal Arbeiderblad i Namsos. Dei fekk snart 2000 i nettoopplag og oppfylte kravet til pressestøtte på kortast mogleg tid.

Dei tre sønene i Viem-familien var òg med på bladtiltaket, og etter ei tid hadde fem familiemedlemer med tjue prosent eigardel kvar. I 1995 etablerte Viem-familien i tillegg ei avis i Snåsa, Snåsningen, også der med Lothar Viem som redaktør. Han delte no arbeidstida mellom Steinkjer og Snåsa, gjerne med ein dag og helga i Snåsa, og resten i Steinkjer. I fem år dreiv dei begge avisene. I 1999 selde familien Steinkjer-Avisa. Kjøpar var Trønder-Avisa, som då også tok over trykkinga av Steinkjer-Avisa, som dermed gjekk frå tabloidformat til det meir sjeldne (og litt større) berlinerformatet. Viem var i Steinkjer-Avisa eit halvt års tid etter salet. Avisa kjem no ut i tabloidformat, etter at Trønder-Avisa la ned trykkjeriet sitt.

Steinkjer-Avisa har etter århundreskiftet merkt godt dragkampen mellom dei mektige mediekonserna Polaris Media og Amedia. Det skuldast at begge har hatt store aksjepostar samstundes i Trønder-Avisa. Etter at Trønder-Avisa i 2020 braut det nære praktiske samarbeidet med Polaris Media til fordel for eit tilsvarande samarbeid med Amedia, oppsto det i kjølvatnet ein ny aviskonkurrent til Steinkjer-Avisa. Polaris Media skipa nettavisa Steinkjer24 som åt på dei same beitemarkene som Steinkjer-Avisa.

Fakta

  • Første nummer av Steinkjer-Avisa kom ut 7.8.1984.

Opplag

Opplagstall for Steinkjer-Avisa, 1988-2023

1988 3231
1990 3345
1991 3130
1992 2957
1993 2751
1994 3004
1995 2932
1996 3009
1997 2731
1998 3160
1999 3164
2000 3660
2001 3393
2002 4076
2003 4094
2004 4182
2005 3891
2006 3834
2007 3917
2008 4229
2009 4282
2010 4455
2011 4560
2012 4713
2013 4885
2014 4961
2015 4767
2016 4624
2017 5041
2018 4781
2019 4736
2020 4625
2021 4498
2022 4730
2023 4037
Kilde: medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i beregningsmetode fra 2018)
År Opplag
1988 3231
1998 3160
2008 4229
2015 4741
2020 4625
2021 4498
2022 4730
2023 4037

Til og med 2015 gjeld opplagstala for papirutgåva. Frå 2020 blir det brukt netto opplagstal for både digitale abonnement og papirabonnement. Kjelda er opplagstala avisene rapporterer til Mediebedriftenes Landsforening (MBL) for andre halvår.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Faktaboks

Steinkjer-Avisa
Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.130 Utgivelse av aviser

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg