Sogns Avis kom med si første utgåve 21. august 1926, og var eit resultat av at høgreavisa Sogningen året før hadde flytta til Balestrand, slik at Vik vart ei avislaus bygd. I august 1926 var 400 luteigarar klare til å fylle tomrommet etter Sogningen med ei ny avis, og etter mindre enn eitt år blei avisa teken over av boktrykkar Ingvald Husabø. Avisa hadde i byrjinga riksmål som redaksjonell målform, men gjekk i løpet av 1926 over til nynorsk. I 1930–1948 og 1951–1954 vart avisa trykt i eige trykkeri.
Sogns Avis starta som partipolitisk uavhengig lokalblad, men frå 6. august 1927 var avisa knytt til Norges Bondelag og Bondepartiet. Då vart avisa seld til Norges Bondelag, som gjorde henne om til partiavis for Bondepartiet i Sogn. Avisa kom periodevis éin og andre tider to gonger i veka. Sogns Avis vart stogga under andre verdskrigen i åra 1942–1945. Etter at Sogns Tidend vart lagt ned i 1947, vart Sogns Avis flytta til Sogndal, som då var ei avislaus bygd.
Norges Bondelag sitt fylkeslag stod som utgjevar fram til 1954, då ho igjen vart stogga. Årsaka til at ho då vart lagt ned var vanskeleg økonomi. Då avisa kom i gang att fem år seinare, var ho igjen heileigd av Ingvald Husabø prenteverk på Leikanger, men Senterpartiet gav økonomisk tilskot. Husabø dreiv deretter avisa i samkøyring med den konservative avisa Sogningen. Etter 13 år vart dei to avisene slått saman til Sogningen/Sogns Avis i 1972, som heiter Sogn Avis sidan 1993.
Avisa skifta elles ofte redaktørar: Thormod Liljedahl (1926–1927), Ingvald Husabø (1927 og 1959), Ivar Tveit (1927–1931), Hermund Haukenes (1931–1942 og 1945–1948), Jørgen Bergo (1948–1950), Ivar Rusti (1950 og 1952), Lars Rødland (1950–1952), Hans H. Schelderup (1952–1954), Hans Arnesen (1959–1960 og 1962–1972) og Knut A. Helland (1960–1962).
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.