Håkon Høgemo, norsk hardingfelespelemann frå Årdal i Sogn. Høgemo har hatt Lars Skjervheim frå Voss som sin fremste læremeistar og fører elles vidare ein særprega spelemannstradisjon frå bygdene i indre Sogn, særleg Jostedal og Årdal. Han har i mange år kombinert ein karriere som solist med å delta i folkemusikktrioen Utla, der saksofonisten og komponisten Karl Seglem er frontfigur. Utla har turnert i inn- og utland og har gjeve ut ei rekkje album, Utla (1992), Juv (1993), Brodd (1995), Dans (1999) og Song (2003). Høgemo har gjennom samarbeidet med Seglem òg delteke i andre prosjekt. Han var med i «spelemannsorkesteret» Marylands, som lyfte fram ein nesten gløymd runddanstradisjon frå Vestlandet. Høgemos fyrste soloalbum Solo, kom i 2000, og for denne fekk han Spellemannprisen. I 2005 fekk han Spellemannprisen på ny, denne gong i lag med felespelarane Einar Mjølsnes og Sigrid Moldestad for produksjonen Gamaltnymalt. Høgemo har i dei seinare åra vore tilsett i ei deltidsstilling som lærar i hardingfele ved Norges Musikkhøgskole i Oslo.

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål til artikkelen? Skriv her, så får du svar fra fagansvarlig eller redaktør.

Du må være logget inn for å kommentere.