Senjens Blad

Framsida av Senjens Blad 30.04.1964
Av .

Artikkelstart

Senjens Blad var ei avis på Finnsnes som kom ut i perioden 1907 til 1970. Senjens Blad skifta namn og politisk stilling fleire gonger. Avisa hadde gode år like før og etter andre verdskrig, men frå 1960-åra gjekk det nedover.

Historie

Senjens Blad blei etablert på Finnsnes som ei upolitisk lokalavis sommaren 1907. Bladet var ei vidareføring av Dagen, som var starta i januar same året. Frå byrjinga og fram til 1935 var avisa styrt av Karl Olav Kjørsvik. Avisa gjekk frå å vere upolitisk til å bli nasjonal og frilynt, og seinare støtta ho opp om arbeidarrørsla. I to periodar, 1921–1923 og 1925–1926, var ho partiavis for Troms fylkes socialdemokratiske arbeiderparti.

I 1929 søkte ein på nytt å utvide grunnlaget for avisdrifta, igjen markert med namneskifte. Som Midtfylkets Avis (1929–1932) ville Kjørsvik skape ei regionavis, men markerte etter kvart også ei politisk og næringsmessig dreiing mot borgarleg side og landbruket. I 1930 kom undertittelen «Organ for bondebevegelsen i Troms fylke», og to år seinare ønskte bladet å bli bøndenes blad i landsdelen, markert i avisnamnet Nord-Norges Bondeblad. I 1934 kom John Olsen inn som medredaktør og medeigar av avisa og trykkjeriet, og året etter var Kjørsvik si epoke i avisa slutt. I 1935 tok Senjens Blad igjen tilbake det gamle namnet sitt.

Perioden frå 1935 til 1965 var prega av at avisa gradvis bygde seg opp redaksjonelt og styrkte posisjonen sin i regionen. I 1935 overtok Edvard Kornelius Eidissen som redaktør, ei stilling han hadde til 1957. I ungdomen var han forkjempar for folkehøgskulen, og Eidissen markerte seg òg som talsmann for nynorsk.

I 1957 var opplaget på 2550. I 1964 tok Halfdan Kvernmo over som redaktør. På same tid ønskte bladeigaren Olsen å selje avisa. Med støtte frå redaktør Kvernmo og redaksjonen ønskte lokale næringsaktørar å føre avisa vidare som upolitisk regionavis, men forhandlingar førte ikkje fram. Resultatet blei at Venstre tok over som bladeigar sommaren 1965 gjennom eit nyskipa aksjeselskap, med Oddbjørn Lindsetmo som ny redaktør. Same året blei Troms Folkeblad etablert på Finnsnes, med Kvernmo som redaktør. Med Kvernmo følgde store delar av redaksjonen og nokre av typografane.

Dei siste fem åra til Senjens Blad var prega av hyppige redaktørskifte, dårleg økonomi og stadig tynnare blad. Hausten 1969 gjekk avisa over til offset og tabloid, men den teknologiske omlegginga var ikkje nok. Eit siste forsøk på å berge avisa blei gjort i august 1970, då avisa og trykkjeriet flytta til nabokommunen Sørreisa. Det hjelpte lite at avisa også endra namn til Hålogaland Bygdeblad, og det siste nummeret kom nyttårsaftan same året.

Opplag

År Opplag
1950 cirka 2000
1957 2550
1969 cirka 1500

Fakta

  • Fyrste utgåve med namnet Dagen: Prøvenummer 26. januar 1907
  • Siste utgåve: 8. april 1907
  • Namnet skifta til Senjens Blad, truleg 13. april 1907–13. april 1921
  • Namnet skifta til Troms Fylkes Social-Demokrat: 16. desember 1921–29. desember 1923
  • Namnet skifta til Senjens Blad: 3. oktober 1923–23. oktober 1925
  • Namnet skifta til Troms Social-Demokrat: 3. oktober 1925–10. september 1926
  • Namnet skifta til Senjens Blad: 17. september 1926–25. oktober 1929
  • Namnet skifta til Midtfylkets Avis: 28. oktober 1929–4. mai 1932
  • Namnet skifta til Nordnorge Bondeblad: 12. mai 1932–10. juli 1935
  • Namnet skifta til Senjens Blad: 17. juli 1935–31. desember 1970
  • Namnet skifta til Hålogaland Bygdeblad: august 1970–31. desember 1970

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Artikkelen er henta frå Hans Fredrik Dahl (red.): «Norsk presses historie 1660–2010», band 4:. Idar Flo (bandred.): «Norske aviser fra a til å». Universitetsforlaget 2010 .

Artikkelen er oppdatert av Tom Hetland og publisert digitalt etter avtale med Universitetsforlaget og artikkelforfattar.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg