Avishode Samfundsliv
Avishode Samfundsliv
Norsk presses historie.

Samfundsliv var ei avis som kom ut frå 1931 til 1954. Avisa var talerøyr for Samfundspartiet og Bertram Dybwad Brochmann.

Samfundspartiet braut med tradisjonelle politiske mønster, og lét seg ikkje plassere i nokon bås. Etter andre verdskrigen spela verken partiet eller avisa noka sentral politisk rolle.

Historie

Framsida av Samfundsliv 17. oktober 1931.
Samfundsliv/Nasjonalbiblioteket.
Lisens: CC BY NC ND 4.0
Bertram Dybwad Brochmann var grunnleggjar av Samfundsliv

Bertram Dybwad Brochmann(1881–1956) var presteson, fødd i Grue i Solør. Brochmann sitt arbeid for ei nyorientering av samfunnet bygde på kristendom, sosialpsykologi, økologi og ei form for sosialøkonom i einskilde hevdar har likskapar med Ragnar Frisch si lære. Brochmann meinte at tilhengarane ikkje var modne for tillitsverv. Difor nekta han dei å stille vallister i kommunane, så det var nok ei av fleire årsaker til at Samfundspartiet fekk eit kortvarig liv.

Bertram Dybwad Brochmann var grunnleggjar av Samfundsliv
Norsk presses historie.

Bak etableringa av avisa Samfundsliv i 1931 stod Bertram Dybwad Brochmann. Innhaldet i avisa bar tydeleg preg av den særeigne samfunnslæra til grunnleggjaren. Dybwad Brochmann utdanna seg først til gartnar, men interesserte seg òg tidleg for samfunnsspørsmål.

Heller enn tradisjonelle, sosialøkonomiske tenkjemåtar heldt Dybwad Brochmann fram eit radikalt, holistisk samfunnssyn. Innanfor dette synet var det lagt vekt på sosialpsykologiske tilnærmingar, der enkeltindivida skal oppleve samanheng innanfor det samfunnet dei lever i, på same tid som han kravde at makta som staten, kyrkja og kapitalistar hadde, skulle bli løyst opp. Her skulle ein leve saman i eit kollektiv, som etter denne ideologen skulle vere sjølvregulerande.

Skipa forlag

I Samfundsliv kunne Dybwad Brochmann gi uttrykk for desse ideane og etablere seg som samfunnskritikar. Gjennom avisa kunne han nå ut, skape debatt og finne meiningsfeller. Dessutan hadde han i 1929 skipa Det Frie Samfunds Forlag. Han kunne såleis også gi ut bøker om den nye samfunnslæra.

Vidare reiste han landet rundt og markerte seg som folketalar i 1930-åra. Sjølv om tankane han ytra fekk ganske liten tilslutnad, fann han ein del meiningsfeller på Vestlandet. I 1933 grunnla han Samfundspartiet og blei vald inn som stortingsrepresentant frå Bergen same året.

Å nytte ulike formidlingskanalar var viktig for å skape blest rundt læra, men også for å engasjere seg i den aktuelle samfunnsdebatten. Dybwad Brochmann kvidde seg lite for å markere eigne standpunkt, og som den einaste stemte han imot steriliseringslova i 1934.

Domfelt under rettsoppgjeret

Før andre verdskrigen åtvara han i skarpe ordelag mot den framveksande nazismen. Straks etter krigsutbrotet uttrykte han meiningar som kunne tolkast som forsvar for Hitlers økonomiske politikk, noko som førte til at han blei domfelt under rettsoppgjeret og i ettertid måtte streve for å nå fram i det offentlege rommet. Dybwad Brochmann heldt likevel fram som skribent og publiserte foredrag på grammofonplater og på eige forlag. Etter 1954 kom Samfundsliv ut som tidsskrift fram til 2010.

Fakta

  • Fyrste nr. 17.10.1931.
  • Fyrste redaktør Anund Hønningstad.
  • Førebels siste nr. 6.4.1940. Utkom deretter 14.9.1945–10.2.1947, 18.12.1947–22.8.1951 og 5.2.–17.12.1954.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg