Ranveig Frøiland

Faktaboks

Ranveig Frøiland
Ranveig Hjørdis Frøiland
Født
15. september 1945, Sund (no Øygarden), Vestland
Død
16. mars 2020
Ranveig Frøiland
Av .

Artikkelstart

Ranveig Frøiland var ein norsk politikar. Ho var stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå 1985 til 2005 og olje- og energiminister i Jagland-regjeringa.

Bakgrunn

Ranveig H. Frøiland var fødd i Sund i Midthordland. Ho tok realskuleeksamen i 1962, kurs i maskinskriving, stenografi og kommunal forvaltning i 1963–1975 og deleksamen til examen artium i 1975–1980.

Frøiland var kontorassistent ved Fjell formannskapskontor og skulekontor i 1963–1971 og arbeidde som fullmektig ved Pedagogisk-psykologisk teneste i Fjell (1974–1985) og som kontorsekretær ved Norsk Kommuneforbund Hordaland (1978–1985), i halve stillingar.

Politisk karriere

Lokalpolitikk

Frøiland var sekretær i Fjell AUF i 1964–1966, i Fjell Arbeidarparti i 1970–1973 og studieleiar i 1970–1973. Ho var leiar i Aps kvinneutval i Hordaland i 1986–1992 og medlem i Aps kvinneutval i 1989–1992.

Ho var leiar for Hordaland Arbeidarparti i 1992–1996 og 1999–2003 og medlem av sentralstyret i Arbeidarpartiet i 1994–2003. Ho var medlem av Fjell kommunestyre i perioden 1976–1988 og igjen frå 2007 til 2011, av Fjell formannskap i 1979–1983 og 1985–1987 og var varaordførar i 1983–1985.

Storting og regjering

Ho representerte Arbeidarpartiet i Hordaland på Stortinget i 20 år, i periodane 1985–1989, 1989–1993, 1993–1997, 1997–2001 og 2001–2005.

Som politikar hadde Frøiland eit vidt interessefelt. På Stortinget sat ho i fiskerikomiteen, kyrkje- og undervisningskomiteen, energi- og industrikomiteen og utanrikskomiteen. Dei siste åra på Stortinget var ho medlem av finanskomiteen. Ho var ein profilert nynorskbrukar.

I desember 1996 blei Frøiland nærings- og energiminister (energisaker) i Thorbjørn Jaglands regjering og frå nyttårsskiftet olje- og energiminister, ei stilling ho hadde til regjeringa gjekk av etter stortingsvalet hausten 1997.

Etter tida som stortingsrepresentant var ho mellom anna riksrevisor i Riksrevisjonen i 2006–2009 og styreleiar i Helse Bergen HF i 2006–2016.

Verv

Frøiland var medlem i styret for Strilen frilynte ungdomslag i 1962–1973, leiar for studieverksemda i Norsk Kommuneforbund, Hordaland i 1978–1983, Norsk Kommuneforbunds landsråd for studievirksomhet i 1983–1985 og Norsk Kommuneforbunds likestillingsutval i 1983–1985.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg