Randolf

Artikkelstart

Randolf er eit mannsnamn som kjem av det norrøne Rand-ulfr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘(skjold)rand’ og etterleddet ‘ulv’. I enkelte tilfelle kan Randolf vere norsk stavemåte av det engelske Randolph.

Namnet har fleire variantar: Randulf, Randolf.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet i nyare tid, var seglmakarmeister Randolph Nilsen fødd 1826 i Bergen.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 180 menn (fødde i Noreg) som hadde Randolf som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg