Ragnfrid er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Ragn-fríðr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘råd, avgjerd’ og etterleddet ‘vakker’. Namnet vart tatt opp att i 1853.

Personar med namnet Ragnfrid

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet i nyare tid, var elev Hulda Ragnfrid Gunbjørg Lund fødd 1853 i Bergen, busett i Kristiania i 1865.

Kulturell bruk

  • Ragnfrid i «Kristin Lavransdatter» (1920–1922) av Sigrid Undset.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 330 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Ragnfrid som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg