Ovedia er eit kvinnenamn som kan vere avleidd av mannsnamnet Ove med suffikset -ia.

Med dette suffikset etter Ove kunne ei potensiell form ha vore *Oveia (med tre vokalar etter kvarandre), men her er [d] sett inn som ein slags «hjelpekonsonant» slik at resultatet vart Ovedia. Ovedia kan også gå tilbake til det latinske Ovidia.

Namnet har fleire variantar: Ovedia, Ovedie, Ovidia, Ovidie.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 20 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Ovedia som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Ovedia i perioden 1900–2017, var det 83 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Gro Ovedia. Dette inneber at 17 prosent hadde Ovedia som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Ovedia på 1800-talet.

Ovedia var mest brukt i Troms.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Ovedia på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Ovedia var mest brukt i Troms.

Historisk bruk av namnet Ovedia
Historisk bruk av namnet Ovedia
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg