Ovedie er eit kvinnenamn som kan vere avleidd av mannsnamnet Ove med suffikset -ie.

Med dette suffikset etter Ove kunne ei potensiell form ha vore *Oveie (med tre vokalar etter kvarandre), men her er [d] sett inn som ein slags «hjelpekonsonant» slik at resultatet vart Ovedie. Suffiksvarianten -ie finst elles i namn som Jakob-ie og Anton-ie,.

Namnet har fleire variantar: Ovedia, Ovedie, Ovidia, Ovidie.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 60 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Ovedie som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Ovedie i perioden 1900–2017, var det 89 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Gro Ovedie. Dette inneber at 11 prosent hadde Ovedie som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Ovedie på 1800-talet.

Ovedie var klart mest brukt i Trøndelag og Troms.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Ovedie på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Ovedie var klart mest brukt i Trøndelag og Troms.

Historisk bruk av namnet Ovedie
Historisk bruk av namnet Ovedie
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg